Direktøren: – Betyr Førdefestivalen noko ut over at det er kjekt med liv og røre?

TIL FJELLS: Førdefestivalen 2018 og konsert 706 moh på Hafstadfjellet.   'Den mest fantastiske arenaen vi nokon gong hadde spelt på' sa Johan Hedin og Esbjørn Hazelius, etter konserten. Foto: Knut Utler

TIL FJELLS: Førdefestivalen 2018 og konsert 706 moh på Hafstadfjellet.   'Den mest fantastiske arenaen vi nokon gong hadde spelt på' sa Johan Hedin og Esbjørn Hazelius, etter konserten. Foto: Knut Utler Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet er nok ein gong tid for å feire Førdefestivalen! Vi inviterer som alltid fem dagar med liv, song og musikk i heile regionen, med eineståande artistar frå heile verda som byr på sterke, unike opplevingar på vår eiga heimebane.

Private og offentlege verksemder, kommunar og regionar brukar i dag store pengar på merkevarebygging og på å knyte positive assosiasjonar til eige namn. Nye kommunar og regioner veit at dei treng merksemd og å bli knytt til noko positivt. Dei beste veit at det løner seg å satse for å bli satsa på. Utfordringa i merkevarebygging er å fylle den med reelt innhald.

Kan Førdefestivalen bety noko for å utvikle innhaldet til Førde som by og til Sunnfjordregionen?

Kvart år i 30 år har festivalen trekt til seg eit stort publikum. Dei fleste som kjem til Førde desse dagane gjer det på grunn av festivalen. Utan Førdefestivalen hadde dei kanskje reist ein annan stad? På festivalen får folk store musikkopplevingar. Dei møter kunst som er relevant, modig og grenselaus. Med seg på kjøpet får opplever dei vestlandsnatur og -kultur. Opplevingane på festivalen kan vere ein døropnar som gjev dei lyst til å komme tilbake for å sjå meir av det regionen kan by på? Vi trur det kan gjerast meir for å hente ut gevinst av festivaleffekten.

Per Idar Almås

Per Idar Almås Foto:

Riksmedia i Norge og internasjonal presse dekkjer kvart år Førdefestivalen. Radio- og tv-sende konsertar og redaksjonell omtale av festivalen er gjennomgåande svært positive. Under festivalen har media blikket retta mot området vårt, og omtalen set Førde på kartet. Positiv marknadsføring treng vi alle, også i vårt område! Festivalen gjev eit medievindauge som står på gløtt for at andre aktørar kan presentere meir frå regionen.

Vi ser for oss at Førdefestivalen i endå større grad kan verte ei kraft også andre kan dra nytte av. Den kan vere eit positivt element i utvikling av kortreiste, solide og unike reiselivsprodukt der tilreisande på ein enkel måte får det beste regionen kan by på av kunst, kultur, innovasjon og tradisjon.

Festivalpublikummet vårt er klare til å oppleve meir. Mange av dei tilreisande har ferie, og dersom tilboda er attraktive nok, vert dei kanskje ein dag eller to lenger. Eller dei kjem att. Erfaringane våre er at tilrettelegging er ein vesentleg suksessfaktor. Folk vil ha opplevingar og produkt som er enkle å få tak i og som skil seg frå det vi kan få over alt.

Kultur og næring

Kultur er opplevingar, men det er også næring. Vi er gjerne med på ein diskusjon om utvikling av kulturaksen i regionen der vi ser utviklinga av kulturverksemdene og -næringane under eitt. Oppnår vi meir om vi samarbeider tettare? Årets Festivalkonferanse (torsdag 4. juli på Scandic Sunnfjord Hotel) har reiseliv og kultur som tema. Diskusjonen her vil vere kva slags reiseliv vi vil ha og kva plass kultur skal ha i framtidig turisme, både i eit nasjonalt og eit lokalt perspektiv. I etterkant av konferansen er vi gjerne med dersom aktørane innafor feltet vil drøfte eit felles krafttak for at kultur kan vere en del av reiselivsveksten i vår region.

At Førdefestivalen er ein av landets beste festivalar og at regionen er synleg stolt av det, kan vere det vesle ekstra som skal til for at unge, flinke folk ynskjer å kome tilbake for å etablere seg her etter utdanning. Festivalen er, mellom fleire, eit prov på at vi her i området kan ha kreative idear, lukkast med å setje dei ut i livet og få dei til å vare over tid.

Førdefestivalen vil gjerne vere med på laget vidare. Vårt sterkaste kort vil også i framtida vere å drive med det vi kan best; å skape musikkopplevingar og tilby eit mangfald av internasjonale toppartistar for store og små! I tillegg har vi eit sterkt ønskje om å vere ein pådrivar i debatten om korleis vi skal skape vekst og positiv utvikling i lokalsamfunnet vi er ein del av.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags