Plan for kulturtilbod i Førde

KOR DÅ? Astrid Wittersø spør om dei mange kora har gode nok øvingslokale, her ved Førde kammerkor og Songdal Songlag som framfører juleoratoriet av Bach i Førde kyrkje.

KOR DÅ? Astrid Wittersø spør om dei mange kora har gode nok øvingslokale, her ved Førde kammerkor og Songdal Songlag som framfører juleoratoriet av Bach i Førde kyrkje. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKva må til for at Førde skal bli ein meir attraktiv stad å flytte til og bu? Kva skal til for at folk i byen skal ha eit rikt liv?

Korleis unngå og bli omtalt som «dei tause», i tider der fotballen og idretten kjem med sine krav om fleire baner og større areal? Kan vi få samla eit rikt spekter av kulturinteresserte menneske?

Er det mogeleg å sjå behovet for aktivitetsrom, der folk som ikkje er opptekne av sport kan treffe andre med felles interesser? Rom som kan delast og vere i bruk både formiddag og ettermiddag/kveld av folk i alle aldersgrupper? Rom med arbeidsbord, data, høvelbenk, stolar, hyller, kaffikrok m.m.?

Astrid Wittersø

Bildekunstnar, Førde

Har dei mange kora i Førde eit fast felles øvingsrom med gode lydforhold? Har korps og drillgrupper i Førde gode øvingsrom med stor høgde og gode lydforhold? Har husflidslaget eit rom til sine aktivitetar?

Veit ein at vevkurs i Førdehuset har svært liten plass/lite rom i Førdehuset? Kan ein kunstskule for vaksne kome i gong att i det tomme atelieret i Førdehuset? Ser alle at Sunnfjord kunstlag treng eit eige eigna utstillingsrom pluss eit eigna lagerrom for sine kunstverk? Kan dette kan få plass i Førdehuset etter at Sogn og Fjordane teater flyttar ut?

Kva skal Gamlebanken brukast til etter at kulturskulen har flytta ut? Korleis skal ein nå fram til og bli høyrd av politikarane?

Reknar med å få avklaring og svar på desse spørsmåla i Firda.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags