Har ein krav på festivalstemning?

MYKJE FOLK: Etter det eg såg, var det alvorleg mykje folk på den gratis brunsjen med musikk frå scena! Og det er ikkje verst at festivalen saman med sponsorar spanderer på denne måten, skriv artikkelforfattaren.

MYKJE FOLK: Etter det eg såg, var det alvorleg mykje folk på den gratis brunsjen med musikk frå scena! Og det er ikkje verst at festivalen saman med sponsorar spanderer på denne måten, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

MeiningarEg registrerer i diverse forum at enkelte etterlyser festivalstemning i gatene i sentrum av Førde. Nokon saknar festivalopptoget laurdagen, og tykkjer festivalen var flinkare før til å tilby gratis konsertar i sentrum.

Familien vår har vore trufaste festivaldeltakarar frå oppstarten av Førdefestivalen, og det er litt artig å kunne studere festivalen i så langt tidsperspektiv. Eg har også vore «innanfor» som styremedlem og styreleiar for ei tid sidan. Etter å ha vore fråverande nokre år grunna travle tider i Balestrand på sommaren, tykte eg det var veldig kjekt å bruke tid på festivalen dette året.

Spørsmålet mitt er altså om det er slik at folk har «krav på» at festivalen stiller med stemning i sentrum gjennom opptog og gratis konsertar. Eg tykkjer det er veldig spesielt at Førdefolk som har blitt forsynt med liv og røre, gratis konsertar, ubetaleleg omdømmebygging og ein festival i verdsklasse i 30 år – at dei går hen og klagar over at festivalen ikkje lenger vil presentere artistane gjennom opptog. Dette opptoget er blitt kritisert for at det framstiller artistane «som apekattar på sirkus».

Eg prøver å sjå føre meg at Balejazz – jazzfestivalen i Balestrand – skulle gjere noko tilsvarande no i 2019. Eg trur ikkje artistane hadde sett spesielt pris på noko slikt. Førdefestivalen etablerte seg med opptog gjennom gatene, og det fungerte bra før – og det er sikkert framleis greitt for nokre av artistane. Men vi må vel forstå at tidene forandrar seg, og at dyktige musikarar og dansarar heller vil presentere seg gjennom musikken og dansen på ulike scener. Eg tykkjer dessutan at Førdefestivalen er flinke til å spreie konsertane og nyte seg av ulike scener rundt om i regionen.

Ein stemning er etter mitt syn noko som kjem innanfrå! Det er mange måtar å få stemning på. Den mest opplagde er vel å engasjere seg og delta – enten gå på konsertane eller delta som frivillig. Og all ære til dei hundrevis av Førde-folk og andre som brukar av fritida si til å skape ein slik flott festival. Trur ikkje det er mange som er klar over kor mykje det betyr og kor mykje jobb det er!

Etter det eg såg, var det alvorleg mykje folk på den gratis brunsjen med musikk frå scena! Og det er ikkje verst at festivalen saman med sponsorar spanderer på denne måten. Men det er sikkert rom for å sjå på nye måtar å legge til rette for at folk skal koma i stemning. Men då er det ein betre idé å koma med konstruktive innspel i staden for å seie at alt skal vere som det var før! Kjenner eg festivalen rett, er det heilt sikkert velkomme med innspel og nye aktørar som vil spele på lag.

Mi største einskildoppleving på denne festivalen var då konferansier og kvedar Unni Løvlid frå Nordfjord og songaren Urna frå Indre Mongolia framførte i samsong med kvar sin tradisjonelle folketone. Det vart så tydeleg at musikk er eit universelt språk som er uavhengig av geografi og kultur. Difor er det viktig at denne festivalen finst og får utvikle seg. Lukke til med det, alle de som jobbar for å legge til rette for at vi andre skal få desse opplevingane – og den flotte festivalstemninga!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags