Kvinnelege filmskaparar blir latterleggjort

LATTERLEGGJORT: Der idretten får heiarop i motbakkane på veg inn mot mål, får (kvinnelege) filmskaparar latterleggjering og drit slengt etter seg, Skriv Randi Førsund i dette innlegget.

LATTERLEGGJORT: Der idretten får heiarop i motbakkane på veg inn mot mål, får (kvinnelege) filmskaparar latterleggjering og drit slengt etter seg, Skriv Randi Førsund i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Det er ikkje lenge til Filmfestivalen i Haugesund går av stabelen. Stadig meir statlege pengar går med til å finansiere og organisere norsk film, stadig færre veit noko som helst om kven norske filmskaparar er, eller kven som får ein eller annan Amanda-pris neste månad. Før var Amanda-showet eit sjølvsagt syn på TV som alle fekk med seg. Slik er det ikkje lenger. Kven er det som ber og frontar norsk film?

Det har vore mykje styr med å få kvinner opp og fram i verdas hardaste bransje. Då eg var i ei tidlegare fase i manusutviklinga med vikingfilmen «Hemnen», registrerte eg at det norske statlege filmorganet den gongen arbeidde med tiltak som heitte Signatur K. Dette skulle få kvinnelege filmskaparar til å bli tøffare til å hevde seg i bransjen, og skulle hjelpe dei få hand om regissørar og produsentar. Eg for min del var alt tidleg i 20-åra i kontakt med internasjonalt etablert filmmiljø innan spelefilm. Eg kunne ikkje fatte poenget med Signatur K. Viss du er kvinne og treng hjelp til å få kontakt med regissørar og produsentar, kva har du då i bransjen å gjere? 

Det går framleis ikkje så veldig bra med norsk film. Norsk filminstitutt lyt omorganisere og mange innan bransjen er opprørt. Det har dei lov til. Men eg etterlyser betre prestasjonar av utøvarane. Verdas rikaste land produserer film alt for få ønskjer betale for å sjå. Men det er nokre veldig gamle kvinner som har fått det til. Slike som Anja Breien og Liv Ullmann. Begge desse kunne løfta norsk film internasjonalt som ingen andre før og dessverre etter dei. Kvifor slapp ikkje desse flotte kvinnene meir til i norsk film? Dei hadde aldri trengt Signatur K. Breien er kring 80 no, Ullmann har passert 80. Breien har markert seg minst like sterkt filmfagleg gjennom karrieren sin som nokon av hennar mannlege samtidige. 

Sjølv var eg så heldig møte på Breien då eg som 23-åring studerte i Edinburgh og var på veg vidare til Reykjavik. Manuset var alt 11 år gamalt. Ung vart eg gjeven, som ho sa på Island og vart gift som 13-åring! Møtet med Breien vart for meg banebrytande og avgjerande for kva eg satsa på vidare. Ikkje minst fokuset på Magnus Berrføtt (1073–1103.)

Men det er krevjande å fatte at både Breien og Ullmann blir avvist av norsk film som filmfaglege tungvektarar med internasjonal tyngde. Det er ikkje mogleg sjå det på anna vis når Norsk filminstitutt avviser filmprosjekta deira i tur og orden. Kva har norsk film vunne på det? Som Anja Breien uttalte i 1968: «Det skjer ingenting i norsk film. Det sitter en inkompetent gjeng og forkaster alle forslag fra dem som vil noe nytt.» Eg trur eg har sagt noko liknande til ei eller anna avis ein eller annan gong under pågåande prosess med vikingfilmen «Hemnen.» 

Det som slår meg er fråvær av kunnskap om dei ulike prosessane som ligg bak dei ulike prosjekta. Svært få er like, det varierer stort innan ulike sjangrar. Ikkje minst gjeld dette tida det tek å få filmane fram til realisering. Der idretten får heiarop i motbakkane på veg inn mot mål, får (kvinnelege) filmskaparar latterleggjering og drit slengt etter seg. 

Det er alt for få norske filminvestorar, nivået er himmelropande langt frå kva ein skulle forvente i verdas rikaste land. Skal du lukkast med t.d. større filmprosjekt lyt du gjennom årevis med beinhard satsing og høg risiko. Lukkast betyr her at filmen lukkast tene pengar og knyte til seg internasjonale tungvektarar innan film. Desse prosessane utviklar seg ofte til å bli prosjekt i prosjektet, men er etter mitt syn tvingande naudsynt.

Skal norsk film lukkast, lyt ein sjå på andre prioriteringar enn berre organisering og struktur. Når ingen norske filmar tener pengar internasjonalt og Noreg framleis står utan tildelt Oscar, lyt filmskaparane bli råare og flinkare. Dette er verdas hardaste bransje. Ein bransje som krev meir enn mykje og som har lite felles med å vere lærar eller rådgjevar i fylkeskommunen. Det er heller ikkje gitt at Norsk filminstitutt er rett type organ for norsk film. Det kan vere det beste hadde vore å tilpasse organiseringa av norsk film dagens Noreg. Det betyr at heile gildet bør delast på dei ulike regionane, ikkje samlast kring ein liten gjeng i hovudstaden. Det er ikkje lenger ein Amerika-reise frå Oslo til Kirkenes.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags