ER PUBLISERT: Jazzfestivalen mot straumen

JUBILEUM: 10.-13. oktober blir Jazz på Jølster arrangert for 10. gong. Her frå 2012 der karane i den dansk-norske gruppa Hot N Spicy skapte god stemning då dei spelte på  Fjøsen på Skei.

JUBILEUM: 10.-13. oktober blir Jazz på Jølster arrangert for 10. gong. Her frå 2012 der karane i den dansk-norske gruppa Hot N Spicy skapte god stemning då dei spelte på  Fjøsen på Skei. Foto:

Av
DEL

Meiningar

I eit område med ein folkemusikktradisjon som går lengre tilbake enn nokon kan hugse. Med ein bunadstettleik på meir enn to per klesskap. Der det finst ein felespelar, ein folkemusikk-dansar, eit spelmannslag eller ein trekkspelar rundt kvar sving.

I dette området dukka det i 2010 opp ein ny musikkfestival Ein festival som ikkje hadde ordet folkemusikk i namnet. Som ikkje hadde ei fele i logoen. Men ein saksofon. Av alle ting ein jazzfestival. Jazz på Jølst.

Som ein løvetann på ein asfaltert veg står den der og lyser. Bit seg fast. Nektar å gi seg. Då festivalen dukka opp rista nok fleire lattermildt på hovudet og dømde prosjektet nord og ned. – Å selje jazzmusikk i Jølster er som å selje badebukser på Svalbard, meinte mange. Dei tok heldigvis feil.

Arild R. Sætre

Arild R. Sætre

Som alle mutasjonsliknande prosjekt har dette ulogiske musikkprosjektet også ei forklaring. Det handlar om idealisme. Om å brenne for noko. Om pågangsmot. Å vere standhaftig. Om einskildpersonar med mot til å sette idéar ut i live.

Eit arrangement kalla JølstraJazz blei arrangert i 2009. I 2010 blei Jølster jazzklubb stifta og same året vart Jazz på Jølst arrangert for første gong.

Det var den no utflytte læraren Marit Hartvedt som hadde idéen om å lage ein musikkfestival basert på hennar brennande interesse for jazzmusikk. Ho greidde å overtyde eit knippe andre musikkinteresserte personar om å bli med som fødselshjelparar for ein jazzfestival midt i folkemusikkland.

Det viste seg at den velkjende dugnadsånda som finst i alle bygder også kunne brukast til å arrangere jazzfestival. Med mykje dugnadsarbeid, stønad frå Norsk Jazzforbund og lokale sponsorar som såg det positive prosjektet, blei den første festivalen ein realitet.

Dei fleste tenkte nok at det ville bli med denne eine festivalen. Dei tok feil igjen. For festivalen lever framleis i beste velgåande, og vert i år arrangert for tiande gong.

Svært mange ristar instinktivt på hovudet når dei høyrer ordet jazz. Innanfor jazzen finst det, som i dei fleste musikksjangrar, mykje musikk som ikkje fenger det breie lag av folket. Men jazz har òg mange svært melodiøse og lett tilgjengelege musikkuttrykk.

Det er desse musikkuttrykka eldsjelene bak Jazz på Jølst har vore flinke å velje ut. Jazzmusikarar som spelar det ein kan kalle folkeleg, og melodiøs jazzmusikk. Trio de Janeiro, Ola Kvernberg, Hot N Spicy, The Sinatra Songbook og Karin Krogh er nokre eksempel.

Arrangørane sin sans for å velje ut gode musikarar som spelar fengande musikk er, etter mi meining, hovudgrunnen til at festivalen framleis lever. Desse eigenskapane viser arrangørane av Jazz på Jølst at dei har kvar haust når eit nytt festivalprogram blir presentert.

Men sjølv om Jazz på Jølst har servert kvalitetsmusikk på alle arrangementa sine i 10 år, har festivalen slite med litt glisne benkerader på nokre av arrangementa. Det er synd, og er eigentleg eit prov på at folk ikkje veit kva dei går glipp av. Musikk med høg kvalitet presentert av dyktige musikarar arrangert i vakre astrupske omgjevnadar er ei magisk oppleving. Denne magien burde mange fleire ta del i. Den er tilgjengeleg for alle. Den heiter Jazz på Jølst og er jazzfestivalen mot straumen.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags