Det viktigaste er å delta

BEHOV: Funksjonshemma og kronisk sjuke har same behov som funksjonsfriske, men treng tilrettelegging, skriv artikkelforfattaren.

BEHOV: Funksjonshemma og kronisk sjuke har same behov som funksjonsfriske, men treng tilrettelegging, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Tenk deg at du inviterer kjærasten med på kino, men ikkje får sitte ved sidan av ho fordi du sit i rullestol og ikkje kan bestille ordinær billett nær rullestolplassane. Eller at du er avhengig av å sitte på fyrste rad for å kunne sjå, og dermed alltid må kjøpe dei dyraste billettane på teater, i operaen eller på konsert.

Mange funksjonshemma og kronisk sjuke har ei aktiv fritid. Men mange møter også hinder som gjer det umogleg for dei å delta. Åtte av ti funksjonshemma ynskjer å delta meir i sosiale aktivitetar, ifølge forskningen til Ramm og Otnes (2013).

3. desember er FNs internasjonale dag for funksjonshemma. Tema i år er «demokratisk deltaking og deltaking på kultur- og fritid». Ifølge FNs konvensjon om rettigheiter for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD), har funksjonshemma rett til «å ha eit aktivt liv gjennom deltaking i kultur, fritid og idrett» (artikkel 30). Likestillings- og diskrimineringslovgjevinga slår også fast at funksjonshemma har rett på tilrettelegging for å kunne delta på lik linje med andre.

Men det er skilnad på å ha rett og å få rett. Undersøkinga «Det viktigaste er å delta» i regi av Unge funksjonshemma og FFO, viser at mange blir utestengt på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom. Små og store hinder står i vegen for deltaking: manglande transport- og parkeringsmoglegheiter, manglande tilgjengelegheit og universell utforming, mangelfulle assistanseordningar, negative haldningar og fordommar og mangel på informasjon, for å nemne nokre. I følge Ramm og Otnes (2013) var det 22 prosent av personar med nedsett funksjonsevne som ikkje hadde delteke i kulturelle aktivitetar det siste året. For den øvrige befolkninga var prosentandelen 13.

Ifølge vår undersøking er det aller største hinderet mangel på informasjon om tilgjengelegheit: Finst det HC-toalett, ledelinjer, teleslynge, heis, sittemoglegheiter? Korleis er de akustiske tilhøva i lokalet? Er det langt å gå frå næraste parkeringsplass? Denne informasjonen ville gjort det mye enklare å delta for veldig mange – også funksjonsfriske. Den gode nyhenda er at dette ikkje kostar noko! Det er informasjon som kan leggast ut på nettsidene til butikkar, spisesteder, arrangement og kulturtilbydarar, og kanskje på sikt også standardiserast. Kanskje kunne sertifiseringsordninga «Tilgjengelegheitsmerket», som norske konsertarrangørar står bak, bli utvida til også å gjelde andre arenaer?

Mange møter også på utilsikta problem, som for eksempel at det ikke er mogleg å bestille plass for ledsager på nett, eller at det ikke er mulig å sitte flere rullestolbrukere sammen på kino og teater for eksempel. Kvifor er det ikkje mogleg å få flyttbare seter som gjør det mogleg for rullestolbrukaren å oppleve ei framsyning eller ein film saman med familien eller kjærasten sin?

For nokre grupper er støy, blinkande lys og store menneskemengder vanskeleg. Ein respondent i undersøkinga vår fortel om ein skobutikk med eiga opningstid for dei nevroatypiske (autisme, ADHD, tourettes etc.) Då er bakgrunnsmusikken slått av, det er få mennesker og lite støy i lokalet. Dette burde være en idé for fleire! Nokre kinoar har enkelte visningar med dempa lyd og litt lys i salen, tilrettelagt for eldre og andre grupper som ikkje trivst i totalt mørke med høg lyd.

Bufdir antar at ca. 600.000 mennesker i Norge har en funksjonsnedsetting. Kvar niande nordmann har fylt 70 år. I 2060 vil kvar femte person være 70 år eller eldre, ifølge SSBs befolkningsframskriving. Det å tilrettelegge for funksjonshemma er å tilrettelegge for folk flest, og burde være «bra for business». Det viktigaste er å delta!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken