Krokodilletårer frå politikarane?

KRAFT: – Berre det eller dei partia her i fylket som får sine sentrale partifeller tilbake til 1909-politikken bør få stemmer frå fylket til stortingsvalet neste år. Sidan det å behalde verdien av eigne naturressursar er heilt sentralt for vidareutvikling av fylket, skriv Ola Bergheim. Bildet er ein illustrasjon frå Kjøsnesfjorden.

KRAFT: – Berre det eller dei partia her i fylket som får sine sentrale partifeller tilbake til 1909-politikken bør få stemmer frå fylket til stortingsvalet neste år. Sidan det å behalde verdien av eigne naturressursar er heilt sentralt for vidareutvikling av fylket, skriv Ola Bergheim. Bildet er ein illustrasjon frå Kjøsnesfjorden. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Det er sjølsagt svært positivt at ein lokal Ap-politikarar som Helge Robert Midtbø no i Firda stiller spørsmålet om vi har sove i timen. Når bustadgiganten OBOS, som knapt bygger bustader i fylket, kan tene 700 millionar på å selje småkraftverk her i Sogn og Fjordane til eit sveitsisk fond. Men er det berre makteslause politiske krokodilletårer framfor stortingsvalet 2021?

NVE gav 9.6 Statnett løyve til ny høgspentline Sogndal – Aurland. Basert på reknestykke om at konsumentane (kraftkrevjande industri, det offentlege og vi vanlege forbrukarar) nord for Sognefjorden skal tape 8 milliardar på det. Og produsentane med eigarskap meir og meir utanom fylket skal tene 16,8 milliardar.

Det er vanskeleg å sjå at fylkespolitikar eller fylkesaviser tar lokale konsumentar sitt parti på måtar som skaper nødvendig jordskjelv aust om langfjella. Eig sentralleiingane i Oslo både lokale politikarar og lokale media?

Vi kan som Knut P. Bøyum i Fjærland i Firda-reportasjen kritisere OBOS med at dei fer med «kjeltringfakter og løgn». Eller SFE som mange no gjer i vindkraftdebatten.

Men det er regjering, departement og politikarar som legg rammevilkåra. Verken OBOS, SFE, BKK, Zephyr, Fred Olsen, Stadtwerke München, Black Rock eller andre kan få all skuld for resultat vi ikkje likar. Selskapa kan tvert imot rosast for å vere eksemplarisk flinke til å utnytte både generelt regelverk og gråsoner. Og dei vil sjølvsagt – rasjonelt og logisk i eit kapitalistisk samfunn der størst mogleg bedriftsoverskot utan forstyrrande sidesyn er idealet - halde fram med det. Heilt til politikarar lokalt, i fylket, på Stortinget og i regjeringa endrar regelverk og rammer.

Ola Bergheim

Ola Bergheim Foto:

Svein Roar Brunborg er ein tidlegare sentral energibyråkrat som m.a. førte den nye energilova i 1990 i pennen. Han vart 18.mai intervjua av energinettstaden enerwe.no under overskrifta «Strømkundene har blitt en økonomisk og politisk salderingspost». Intervjuet på grunn av at Brunborg nett har gjeve ut ei bok der han går «hardt ut mot hvordan strømkundene må plukke opp regningene i energibransjen». Mellom anna ved at straumkundane må betale stadig større del av nettkostnadene, om lag dobbelt så stor del som på 1990-talet, og stigande.

Eg las boka. Og tok ei lita stikkprøve då eg på NVE si nettside nyleg (9.6) såg at NVE hadde gjeve Statkraft løyve til å bygge ny 420 kV kraftledning Sogndal – Aurland til erstatning for dagens 300 kV-leidning. Det vil auke overføringskapasiteten 3-4 gonger (frå 795 til 2600-2700 MV). Hovudsakleg grunngjeve med auka eksport av vindkraft. I første omgang frå landvind, men etter kvart også havvind.

Standardformulering som vanleg at: «NVE vurderer at nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev derfor løyve til tiltaka.» I grunngjevinga er ei gradvis oppgradering til 2050 oppgjeve som nullalternativ med samfunnsnytte på 0,3 milliardar. Medan ny og større line no vil auke samfunnsnytten til netto 2,6 milliardar.

Det mest interessante er dei ulike plussane og minusa i reknestykka (tabell 2 og 4 s. 20 og 22). Dei to største postane er i begge tilfelle «konsumentoverskudd» og «produsentoverskudd». Konsumentane skal uansett betale rekninga, produsentane uansett ha stort overskot. Ved null-alternativet med gradvis oppgradering til 2050 er konsumentunderskottet «berre» 1,5 milliardar, produsentoverskottet «berre» 3,3 milliardar.

Med den mangedoblinga av overføringskapasitet NVE no har gjeve løyve til, aukar konsumenttapet (lokal industri, offentlege bygg og vanlege forbrukarar) nord for Sognefjorden til 8 milliardar – 6,5 milliardar større underskott. Produsentoverskotet aukar kraftig til heile 16,8 milliardar – 13,5 millardar større overskot. Men dette større produsentoverskotet går i aukande grad til andre deler av landet og utlandet.

Vi må forventa endå større utbyggingspress og endå fleire eksterne oppkjøp med dagens regelverk og utrekningsmåtar for «samfunnsmessig lønsemd». Når konsumentane i utbyggingsområda er økonomisk og politisk salderingspost og betaler rekninga.

Som Midtbø og Brunborg peikar på har vi i Norge hatt ein politikk på at verdiane av våre naturressursar skal kome fellesskapet/folket til gode. Heilt sidan konsesjonslovene vart vedtekne i 1909.

Vi er tydelegvis på glideflukt bort frå dette prinsippet.

Berre det eller dei partia her i fylket som får sine sentrale partifeller tilbake til 1909-politikken bør få stemmer frå fylket til stortingsvalet neste år. Sidan det å behalde verdien av eigne naturressursar er heilt sentralt for vidareutvikling av fylket. Det hjelper ikkje med Midtbø som einsleg kraftlaus lokal Ap-svale!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags