Meir leik i skulen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Neste veke skal eit nytt kull seksåringar sette seg i klasserommet for første gang. Det vil vere det tjuande kullet sidan vi senka alderen for skulestart frå sju til seks år i 1997. Dessverre er det grunn til å stille spørsmål ved om vi hadde gjennomført seksårsreformen om vi visste det vi veit i dag. KrF meiner den har vore misslukka, og vil ha leiken tilbake i dei første skuleåra.

Intensjonen bak reforma var at elevane skulle lære meir. Styrande politikarar har sett ut til å tenke at sidan litt meir lærepress er bra, må endå meir lærepress vere betre. Problemet er at tideleg skulestart ikkje har hatt noko betydning for barn si læring, men snarare ført til problem for fleire.

For mange elevar er det ikkje lett å sitte stille på skulebenken frå ein er fem-seks år gammal. Det er heilt normalt, men kan gje ei kjensle av å ikkje leve opp til forventningane som møter ein i klasserommet. Prinsippet for å sleppe seksåringane inn i skulen i 1997 var at det første skuleåret skulle ha eit klart førskulepreg med fokus på leik. Slik har det ikkje blitt.

Seksårsreformen blei aldri skikkeleg evaluert. Trass i at internasjonal forsking har vist at viss ein utset born for tideleg for strukturert læringspress så er det mange som vill falle frå. Morske politikarar i tillegg ikkje har klart å levere ein god nok tideleg innsats i skulen med god lærardekning, og vi ser at talet tiltak for elevar som slit fagleg berre aukar oppover i skuletrinna.

Første skuledag er ein viktig og spennande dag for mange. Vi er heldige som har så mange dyktige og kompetente lærarar som er klare til å ta i mot dei. KrF går til val på å få betre lærardekning med krav om maks 16 elevar per lærar dei første fire åra. Dessutan må politikarane ta sitt ansvar og passe på at seksårsreforma blir skikkeleg evaluert og at den uorganiserte læringa og leiken kjem inn i skulen att.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags