Framgang krev pågangsmot

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.På ferie heime i trivselsfylket har eg kosa meg ekstra med Firda. Nokre saker er gledelege, andre forargar, men det er heller uvanleg at redaksjonen skuffar meg når det kjem til engasjement på fylkets vegne. Difor vart eg lettare sjokkert når eg las leiaren om KrF sitt engasjement for bru Anda-Lote.

Her stadfestar KrF at ein ønsker å nytte ordninga med ferjeavløysingsmidlar til å bygge den etterlengta brua, men avisa kallar det valflesk.

Sanninga er at reknestykket viser at prosjektet vil gå i pluss, men trass dette vil det ikkje skje noko utan forkjemparar.

Knut Arild Hareide var som komiteleiar i samferdselskomiteen på tinget førre periode ein særleg pådrivar for ordninga med ferjeavløysingsmiddel, og komitemedlem Grøvan har vore særleg viktig for distriktsperspektivet i den auka samferdselsatsinga siste 4 år. Ingen nye bedrifter eller bustadar er fullfinansiert ifrå start. Ferjeavløysingsmiddel er som lån til investeringar som kjem samfunnet til gode, når reknestykket er så positivt er det inga grunn til å nøle. Regularitet og stabilitet for Anda-flyplassen er viktig for regionen, og for å få ein samanhengande bu og arbeidsmarknadsregion vil bru bety mykje på aksen Skei-Sandane-Eid-Måløy. Bru på E39 som avisa nemner som motstykke er statens prosjekt, og vi skal sørge for at dei innfrir, men så må vi nytte lokale initiativ til faktisk å få til noko meir. Tafatt haldning lokalt skapar ikkje vekst, vi må tru og stå på for å få til noko. Engasjementet for Kystvegen er i så måte eit strålande eksempel på kva vi må ha meir av. Ferjefri E39 får merksemd for spektakulære kryssingar, skal dei nye løysingane settast ut i livet treng vi sjølvsagt kunnskapsbygging mellom anna gjennom pilotprosjekt som ei bru Anda-Lote vil vere. KrF ønsker å vere garantist for satsing på utvikling i distrikta. Ein må stemme for det ein ønsker, KrF ønsker utvikling.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags