Krise for laksen i Jølstra

Noko av krisa for laksefisket i Jølstra skuldast Brulandsfoss kraftverk, skriv ein gjeng naturinteresserte og fiskeinteresserte førdianarar i dette innlegget.

Noko av krisa for laksefisket i Jølstra skuldast Brulandsfoss kraftverk, skriv ein gjeng naturinteresserte og fiskeinteresserte førdianarar i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Firda hadde den 06. september 2020 ein artikkel som samanfatta laksesesongen i Sunnfjord.

Her kjem det fram at har vore eit godt år i Nausta, kanskje det beste på 5 år. I Gaula er bestanden av normal størrelse.

I Jølstra derimot er det «lite å juble for» skriv Firda. Dette er eit understatement.

Vi som skriv dette, er opptekne av villaksen sitt ve og vel, naturmangfald og at det vert ei positiv utvikling i ei flott elv som gjev gode naturopplevingar i Førde.

Som fiskarar og naturinteresserte oppheld vi oss ved elva og vurdere at det er full krise for laksebestanden i Jølstra.

Den har gått jamt ned dei siste 30 åra, trass ulike tiltak. No er fangstane og bestanden på eit absolutt lågmål, og vi fryktar for at bestanden kan verte utrydda innan kort tid.

Når bestandane i nærliggande elvar held seg stabilt eller er i betring, må hovudårsakene til krisa i Jølstra vere å finne i Jølstra.

Av dette følger at dei som må/skal gjere noko straks for å redde laksen i Jølstra, er elveeigarane ved elveeigarlaga i Jølstra, BKK og Direktorat/Fylkesmann.

Direktorat/Fylkesmann

Direktorat/Fylkesmenn har mellom anna som ansvar å fastsetje berekraftig fiskeregime for Jølstra. Når vi ser på fangsstatistikk og gytebestandmål, meiner vi det er grunnlag for å påstå at Fylkesmann og Direktorat ikkje har gjort jobben sin!

BKK

Vi meiner at noko av årsakene til krisa er å finne i Brulandsfoss kraftverk. Der ein har heilt sidan oppstart hatt problem med halde stabil vass-stand i elva nedanfor kraftstasjonen. Vi har mange gonger opplevd plutselege reduksjonar i vass-standen og mengder av yngel har vorte liggande på turt land, med massedaude som konsekvens.

På BKK si nettside står det: «BKK disponerer store naturressursar til energiproduksjon på vegner av eigarane og samfunnet. Vi plikter å forvalte disse ressursane best mogleg og støtte oppunder ein berekraftig utvikling

No skal vi ikkje skulde BKK for det som har skjedd medan Sunnfjord Energi var eigar, men vi forventar at BKK gjer noko snarast sidan dei no er eigar av kraftverket og derfor er ansvarlege for det som skal skje framover.

Klekkeri er heilt sentralt for redde bestanden, og vi meiner eit strakstiltak er å få full drift i klekkeriet på Mo er naudsynt. I tillegg bør ein vurdere om det bør vere krav om minstevassføring.

Vi er kjend med BKK sitt «LIV prosjekt» og håper at slike tiltak også vert gjennomført i Jølstra i samarbeid med elveeigarlaga for å sikre bestanden på lengre sikt.

Samfunnsansvaret til BKK handlar også om at laksefisket i Jølstra genererer inntekter til reiselivsbedrifter, handelsstanden osv. i og rundt Førde.

I tillegg kjem inntektene til grunneigarane som er organisert i dei forskjellig elveeigarlaga. Berre dette antek vi utgjer fleire hundre tusen kroner.

Elveeigarlaga i Jølstra

Elveeigarane ved elveeigarlaga og paraplyorganisasjonen Førde Elveeigarlag har ansvar for å forvalte elva på best mogleg måte og å vere premissleverandør direktorat/fylkesmann. Ein har i dag 5 elveeigarlag i Jølstra: Halbrend, Skei, Hafstad, Bruland og Vie. I tillegg disponerer Førde jakt og fiskelag Prestegardsrettane.

Er dette ei fornuftig og framtidsretta organisering av elveeigarlaga?

Er dei slagkraftige, eller kan det skje at ulike interesser gjer det vanskeleg å få til ei heilskapleg og fornuftig forvaltning av Jølstra?

Gjer denne organiseringa det enkelt for samarbeidspartnarar som gjerne vil bidra?

Kva gjer elveeigarane og elveeigarlaga no, og tek dei verkeleg innover seg den kritiske situasjonen jølstralaksen er i?

Vert inntektene frå utleige av fiskerettar nytta til tiltak for å forbetra bestanden?

Ein livskraftig laksebestand og er eit pre for heile Førde-samfunnet.

Har dei reflektert over kva samfunnsansvar dei har dersom laksen forsvinn?

Om oss

Vi som har skrive dette innlegget er naturinteresserte, fiskarar og andre med ulik alder, erfaring, kompetanse og fokus.

Vi vil gjerne ta del i arbeidet for å få ein sunn laksebestand og ei positiv utvikling av Jølstra.

I vår gruppe vi har mange som gjerne vil komme med innspel til ei fornuftig forvaltning og bidra på ulike former for dugnadar med vår arbeidskraft, kompetanse og erfaring om vi blir invitert.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken