Respekter folkeretten i Syria

Av
DEL

LesarbrevDen forferdelege krigen i Syria har vart i 7 år. Fleire land, som USA og Saudi-Arabia, har gjeve militær støtte til jihadistar og andre. Dette er brot på folkeretten.

Nato-landet Tyrkia har okkupert to område i Nord-Syria langs grensa mellom landa. Dette er klare brot på folkeretten.

Også Israel bryt folkeretten i Syria, ved bombetokt over syrisk territorium. Dette må fordømmast frå norsk side. Raudt Sogn og Fjordane forsvarar ikkje med dette Assad-regimet sine overgrep mot eige folk, men vi meiner at folket i Syria er best tent med at folkeretten vert respektert.

Noreg må støtte dei demokratiske kurdiske kreftene i Nord-Syria som krev indre sjølvstyre i eit framtidig føderalt Syria. Den fredelege opposisjonen i Syria og demokratiske kurdiske parti, må få plass i SN- forhandlingar om styringa av Syria etter at krigen er slutt.

All norsk deltaking i Syria-krigen, både i form av soldatar, sanksjonar og diplomatisk anerkjenning av utanlandsk opposisjon, må ta slutt. Noreg må støtte med humanitær hjelp som trengst i heile Syria og nærområda.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags