No er det opp til oss

UVERKELEG: Sjølv om eg har fått eit personleg og drepande møte med det same tankegodset, så følest det likevel uverkeleg å ta innover seg det som skjedde i Auschwitz og dei andre leirane, skriv Torbjørn Vereide i denne artikkelen.

UVERKELEG: Sjølv om eg har fått eit personleg og drepande møte med det same tankegodset, så følest det likevel uverkeleg å ta innover seg det som skjedde i Auschwitz og dei andre leirane, skriv Torbjørn Vereide i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Måndag var det 75 år sidan frigjeringa av Auschwitz. Vitnemåla frå leiren er like ufattelege som dei er grufulle. Sjølv om eg har fått eit personleg og drepande møte med det same tankegodset, så følast det likevel uverkeleg å ta innover seg det som skjedde i Auschwitz og dei andre leirane.

Stappfulle tog, avskilte familiar, søvnlause netter og kloremerke i gasskammer.

Masseindustrialisert mord.

Så kan vi spørje oss sjølv: Er vi ikkje ferdig med dette no? Var det ikkje berre noko fundamentalt annleis med alle dei folka som lét massakren skje. Alle dei der som bidrog aktivt, og alle dei som gav sin tause aksept?

Eg trur ikkje at det er det.

For mistru og hat kan også vokse i dei beste av oss. Både meg og deg. Om vi lar det. Om vi høyrer på dei som seier at nokre menneske er mindre verdt enn andre. At dei som er annleis enn oss fortener mindre. Dei der som eigentleg berre er ureine og kjeltringar.

Då er vegen tilbake til jernbanespora mot nye leirar aldri langt unna. For det er eit spor som går meter for meter. Haldning for haldning.

Difor er det så ufatteleg viktig at vi huskar det som skjedde. Og at vi tar vårt ansvar for at det aldri skal skje igjen.

Det er opp til oss no. At vi står på verdiane våre. Om det sterke fellesskapet der alle menneske er like mykje verdt. At vi pratar saman. Og at vi vel å vise kvarandre alt det fine og gode som livet kan by på.

No er det opp til oss.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags