DEBATT: Stopp store vindkraftutbyggingar!

Av
DEL

Lesarbrev

Pressgruppene for massiv utbygging av vindkraft er mange. Det er kommunepolitikarar med slunkne kommunekassar. Det er anleggsbransjen. Bakom er der utanlandske kapitalinteresser. Men det er også dei som dessverre for alvor trur at norsk vindkraft kan erstatte den klimapåverkande bruken av kol, olje og gass.

Raudt avviser dette og vil arbeide for at utbygging av vindkraft blir svært avgrensa. Dei påtenkte områda i Sogn og Fjordane, ligg i natur og landskap der det no er liten menneskeleg aktivitet og få inngrep. Dei nye vindkraftanlegga må derfor avgrensast. Installasjonane er også svært arealkrevjande – ikkje minst på grunn av det vegnettet og dei kraftlinjene som industrialiserer området, utan at det gjev eit tal arbeidsplassar å snakke om.

Noreg har i dag eit kraftoverskot som kapitalinteressene vil eksportere ut av landet og la EU/ACER få råderett over. Dette fører til høgare straumprisar, noko som tyngjer hushaldsbudsjetta til folk flest, og det er øydeleggjande for den norske konkurransefordelen av billeg CO2-fri vasskraft. Massiv utbygging av vindkraft, vil føre til eit høgare kraftoverskot og innebere eit auka press for å utvide eksportkapasiteten gjennom endå fleire utanlandskablar.

Raudt vil på bakgrunn av dette, arbeide for at utbygginga av vindkraft blir svært avgrensa samanlikna med dei store planane som no føreligg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags