Folkevalt styring av straumprisane!

Vassmagasinet Krokevatnet sør for Bjordal i Høyanger kommune.  Arkivbilde.

Vassmagasinet Krokevatnet sør for Bjordal i Høyanger kommune. Arkivbilde. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevKraftproduksjonen må underleggjast folkevalt styring og med mål om billeg kraft i staden for eksport og høg profitt. Raudt er ikkje åleine om desse måla, og krava må derfor få brei nok oppslutning.

Straumprisane er rekordhøge. Kraftselskapa skuldar på slunkne og tomme vassmagasin, og seier det skuldast tørkesommaren. Ja, vi har sett både tørke og tomme magasin. Vi kan derfor lett bli lurte.

Men faktum er at kraftselskapa eksporterer kraft som aldri før. Det har selskapa halde fram med lenge etter at magasina minka og lenge etter at det slutta å regne.

Denne galskapen begynte tidleg på 90-talet då kraftomsetninga blei liberalisert under ei borgarleg regjering der Eivind Reiten var energiminister. Det gjekk glatt, fordi det var ingen synleg sterk motstand frå dei som meinte noko anna.

Liberaliseringa førte til at bransjen etter kvart fekk selje straumen kor dei ville. Det skjedde ei privatiserande omdanning av kraftlaga til aksjeselskap, som dermed ikkje lenger hadde som mål å levere billeg straum til befolkninga og arbeidsplassane. Straumprisane auka.

I tillegg har vi fått eit mellomledd av «traderar» (handelsmenn) og kraftspekulantar som ikkje produserer korkje straum eller anna, men som også fører til at straumen blir dyrare. Desse skal ikkje berre ha dekka sine kostnader, men profitere som ein kva som helst annan kapitalist.

Dette skjer trass i at det offentleg eig desidert mesteparten av kraftproduksjonen i landet. Den burde derfor underleggjast eit anna kriterium enn maksimal profitt. Folkevalt styring er eit av vilkåra, og i tillegg må vi tilbake til målet om billeg straum. Dagens politikk med rekordhøge straumprisar, aukar klasseforskjellane og svekkar/truar arbeidsplassane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags