Kraftverdiar til deling på Vestlandet

RIMELEG: – Vedtaket frå Fylkestinget i Sogn og Fjordane om å overføre fylket sine aksjar i SFE til aktuelle kommunar er på bakgrunn som drøfta ovanfor eit rimeleg og respektabelt vedtak, skriv Ivar Sægrov.

RIMELEG: – Vedtaket frå Fylkestinget i Sogn og Fjordane om å overføre fylket sine aksjar i SFE til aktuelle kommunar er på bakgrunn som drøfta ovanfor eit rimeleg og respektabelt vedtak, skriv Ivar Sægrov. Foto:

Av
DEL

MeiningarTo fylke med store kraftverdiar skal slå seg saman og stå fram som ein samla region på Vestlandet. Sogn og Fjordane har eigarskap i kraftbransjen, Hordaland ikkje.

Med tilnærma lik fordeling i dei to fylka er der ein årleg middelproduksjon av vasskraft som utgjer ca. 25 % (ca. 30 TVH) av all vasskraft i Norge

I begge fylka har Statkraft fleire store kraftverk. Vidare er der stor industritilknytt kraftproduksjon m.a. frå Norsk Hydro sine anlegg i Årdal, Fortun og Røldal/Suldal, og Odda med Tyssedal /heimfall og Statkraft).

Går ein vidare og ser på korleis den forretningsmessige delen av kraftproduksjonen og nett for allmenn forsyning er organisert, er det skilnader mellom dei to fylka.

I Hordaland er det to større kommunalt eigde kraftselskap, BKK (Bergenshalvøens kommunale kraftselskap) og SKL (Sunnhordland kraftlag) som dekker ein vesentleg del av allmenn forsyning i fylket. Etablering og organisering av desse to selskapa har utvikla styrke til å sikre at deltakande kommunar kunne møte framtida på eit viktig samfunnsområde. Økonomisk betyr dette økonomisk styrke som gjorde at BKK i 2017 delte eit utbytte på 535 mill. kroner til dei kommunale eigarane, av dette 202 mill. til Bergen kommune.

I Sogn og Fjordane er kraftproduksjon saman med drift av nett til allmenn forsyning (utanom kraftkrevjande industri), sikra gjennom kommunalt eigde selskap. SFE er ei samanslutning av fleire kommunale kraftselskap og eit mindre fylkeskommunalt selskap. Etter diverse transaksjonar er fylkeskommunen sin andel av aksjane i SFE vel 50 %, BKK har ca. 37 % og kommunar i Nordfjord og Sunnfjord resten (ca. 13 %).

Sogn og Fjordane fylke har ei «brokete» krafthistorie frå Ålfotsaka med start for snart 100 år sidan og fram til skipinga av Sogn og Fjordane kraftverk i 1968, i dag SFE. I år 2000 vart Firdakraft med i SFE og kort tid seinare også Gloppen El.verk, Ytre Fjordane Kraftlag og Eid Energi. BKK kom inn som eigar av ca. 37 % av aksjane i 2001.

Bak etableringa av SFE var det nok mange ulike vurderingar både av distriktsmessig og forretningsmessig karakter. Reelt sett kunne det blitt eit selskap basert på organisering og ein eigarstruktur der fylket ikkje var involvert, jf. her BKK og SKL i Hordaland.

Det er lett å sjå at det for kommunane som gjennom dei lokale kraftselskapa flytta sitt betydelege eigarskap inn i SFE for så å bli delvis oppkjøpt av BKK og deretter oppleve at delar av verdiane blir totalt utvatna, ved at Sogn og Fjordane sin eigardel blir overført til region Vestland, kan skape frustrasjon.

Historie og prosessar omkring etablering og oppbygging av kraftselskap i Hordaland og Sogn og Fjordane for å sikre allmenn kraftforsyning for innbyggjarar og næringsliv, viser mange felles trekk og løysingar. Energi- og vassdragslovgjevinga har i stor grad lagt på plass avgjerande premissar. Vidare har busetnadsstruktur, folketal og geografi påverka etablering og oppbygging av kraftselskapa.

Eigarskap på kommunalt nivå i Hordaland har gitt kommunane høve til direkte å ta del i verdiskaping selskapa har gitt. I Sogn og Fjordane kan det hevdast at delar av tilsvarande verdiskaping har blitt akkumulert gjennom fylkeskommunen sitt eigarskap i SFE.

Kravet som no melder seg om at eigarskap knytt til organisering av allmenn kraftforsyning i eit geografisk avgrensa område til den nye regionen, verdiar som er bygt opp gjennom lokal verdiskaping, skal overførast til den nye regionen står fram klart som sterkt urimeleg.

Vedtaket frå Fylkestinget i Sogn og Fjordane om å overføre fylket sine aksjar i SFE til aktuelle kommunar er på bakgrunn som drøfta ovanfor eit rimeleg og respektabelt vedtak.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags