Vi vil styre krafta vår sjølv

Kjøsnesfjorden kraftverk og Trollavatnet.

Kjøsnesfjorden kraftverk og Trollavatnet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Regjeringa vil la EU få råderett over vasskrafta som har gjort Noreg til industrinasjon og velferdsstat. For meir enn hundre år sidan sytte framsynte politikarar for at vasskrafta vart sikra som heile det norske folket sin eigedom. Skal dagens norske politikarar gå inn i historia som de som kasta bort arvesølvet vårt?

Det vil skje dersom Stortingsfleirtallet går med på å la EUs energibyrå Acer få makt til å overstyre norsk kraftpolitikk.

Paragraf 115 i Grunnlova opnar for at Stortinget med tre firedels fleirtal kan overføre mynde til internasjonale organisasjonar som Noreg er tilslutta.

Noreg er med i EØS-pilaren i Efta, men ikkje i EU. Ved å bruke overvakingsorganet i EØS–ESA–som mellommann, vil regjeringa omgå Grunnlova. ESA tek imot vedtak frå Acer og EU som blir kopiert og diktert til det «norske» reguleringsorganet RME.

RME kan ikkje ta nasjonale omsyn. Elmarknadsdirektivet fastset at reguleringsorganet i det einskilde landet skal følge og gjennomføre rettsleg bindande vedtak frå Acer eller EU-kommisjonen.

Det er ei grov omgåing av Grunnlova når regjeringa lèt som om framlegget er «lite inngripande» og ikkje ei avståing av suverenitet.

Det moderne Noreg er bygd opp på tilgjenge til billeg og evigvarande elektrisk kraft. Det er det store konkurransefortrinnet landet vårt har. Krafta vår er også grunnlaget for ny, grøn industri.

Fossefalla er «livets vatn» for mange lokalsamfunn og tettstader. Ferskvara straum går so å seie rett frå fjellfossane og inn i produksjonen.

Meir omfattande kraftutveksling med kontinentet vil jamne ut straumprisen til eit «europeisk» nivå. Berre nokre øre auke i straumprisen kan gje industridød for mange av våre hjørnesteinsverksemder.

Det vert ikkje lenger mogleg å prioritere stabil og billeg kraft til norsk industri dersom EUs energibyrå meiner krafta trengst meir på kontinentet.

Stortingsfleirtalet kan om kort tid komme til å gje bort den nasjonale styringsretten til EU sitt energibyrå (Acer).

Spørsmålet vert avgjort allereie i midten av mars 2018. Difor hastar det med å øve press på politikarane. Vi må seie høgt og tydeleg frå!

Du kan gjere ein skilnad: Ta opp spørsmålet i foreininga di eller partiet ditt, skriv brev til stortingsrepresentanten din, bruk sosiale media, skriv lesarinnlegg i avisene, bli aktiv i Nei til EU!

Dette er krava våre:

1. Stortinget må seie nei til at Noreg blir underlagd EU sitt energibyrå Acer via ESA.

2. Vi krev at ei eventuell suverenitetsavståing vert handsama etter paragraf 115 i Grunnlova som krev 3/4 fleirtal.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags