Opphøyrssal av Sogn og Fjordane

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Verdiane i Sogn og Fjordane Energi (SFE) er i spel. Med sine 48,15 % er fylkeskommunen den største eigaren i SFE. Med avtalen om å slå seg saman med Hordaland er desse verdiane sett i spel.

Oslo kommune overtok i slutten av april 2017, eigarskapen til all kraftproduksjon og nettet til Hafslund. Handelen var med Fortum som er eit finsk energiselskap. Verdien på Hafslund vert då sett til 19,5 milliard. Av dette utgjer nettet kring 10. milliard.

Med det som grunnlag er det mogleg å verdsette SFE. Middelproduksjonen til Hafslund er på 3,1 TWh- SFE 2,1 TWh.

Med andre ord utgjer produksjonen til SFE 70 % av Hafslund. Med ein verdi på Hafslund på 9 milliardar, vert då verdien på SFE 6 milliardar. Det må gjerast nokre justeringar for eigenkapital og magasin.

Verdien på eigarskapen i SFE vert då på 2,8 milliardar kroner.

BKK har ved sal/overføring av aksjar forkjøpsrett. Hordaland fylkeskommune har ikkje eigarskap i kraftsektoren. Det går fram av Firda at korleis ein skal handtere verdiane i SFE ikkje er avklart. BKK har også store eigarpostar i Sunnfjord Energi (SE) og Sognekraft.

Vi kan om få år få ein situasjon der kontrollen av SFE ligg i Bergen.

Det er eit tankekors att Oslo kommune har eit betydeleg eigarskap i kraftsektoren, med i alt 13,1 TWh. Bergen kommune eig 37,75 % av BKK, det svarar til 2,6 TWh.

Mens Sogn og Fjordane som det nest største kraftproduksjonsfylke kan vere i ferd med å misse kontrollen på dei evigvarande kontantstraumane frå vasskrafta.

http://munin.uit.no/bitstream/handle/10037/7849/thesis.pdf?sequence=2

Sist ein selde til BKK var kring 2000-2001.

Resultatet av dette er vurdert i masteroppgåva over.

«9. Konklusjon:  Formålet med oppgaven har vært å fastslå om selger har underestimert verdien av kraftselskap solgt i perioden 1999-2004. I lys av debatten om offentlig versus privat eierskap av kraftselskap er det interessant å finne ut om de faktisk generer en meravkastning og i tilfellet hvor mye. Et offentlig eid kraftselskap som generer en høy avkastning kan være en gullgruve for lokalsamfunnet, og dermed et argument for offentlig eierskap. Dette ønsker vi å belyse i vår oppgave. Ved å tallfeste disse verdiene kan man gjøre bedre vurderingen i fremtidige kjøp og salg av kraftselskap. Ut i fra økonomisk teori og en analyse av krafttransaksjonene ønsker vi å trekke en konklusjon fra følgende problemstilling. Selskapene har gjennomsnittlig hatt en totalkapitalavkastning for de tre multiplene, som er 137%, 107% og 38% over markedet. Alle disse verdiene er signifikant forskjellig fra null med et signifikansnivå på 99%.Resultatene av denne undersøkelsen er at nesten samtlige kraftselskap har blitt undervurdert. Årsaker til slike signifikante resultater kan som nevnt i diskusjonen være flere. En stor økning i kraftpris, som følge av en etterspørselsøkning, har økt verdien til kraftselskapene betraktelig. Selger har lagt for mye vekt på historisk kraftpris og dermed ikke forutsett denne økningen.» Sitat slutt.

Alle som selde til BKK har mista verdiar og BKK har auka sine verdiar.

Med dette som bakteppe vil det vere utruleg om ein gjer same tabben i 2017 som ein gjorde i 2000–2001.

Førde kommune som investerte på Børsen på sitt nedsal i SE har hatt ei avkasting på 7,2 %. I same tidsperioden har eigarskapen i kraftsektoren hatt ei avkasting på 12,2 %. Ein har over 15 år tapt 68 millionar på salet til BKK.

Om ein gjer same reknestykke for alle kommunane og fylkeskommunen hamnar på kring to milliardar i tapte verdiar på 15 år. Føresett att alle investerte pengane sine på børsen. Nokre bygde badeland mm. Slik att tale i realiteten er betydeleg verre.

Oppfordring til fylkestinget må vere å bruke innsida av hovudet. Dommen i ettertida vil bli hard om ein rotar vekk fleire milliardar. Det vil aldri vere rett økonomisk å avhende evigvarande framtidige inntekter.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags