Krafta er vår – nei til fjernstyring frå EU

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Lesarbrev17. mars i år (2017) kunne NRK melde at Sogn og Fjordane har den dyraste nettleiga i landet med i gj.snitt 71,2 øre pr. kilowatt. Folk i Oslo, på si side, betaler 50,5 øre i gjennomsnitt snitt pr. kilowatt. Dette utgjer ein forskjell på 20 øre pr. kilowatt eller meir enn 10 000 kroner frå dei rimelegaste til dei dyraste straumleverandørane i ladet. Ifølge seniorforskar Johannes Idsøe lekk om lag 85 prosent av verdiane til dei store kraftselskapa i Sogn og Fjordane ut av fylket. Og når vi tenker på at Sogn og Fjordane er det tredje største kraftfylket i landet er det ikkje rart at innbyggarane opplever dette som veldig urettvist!

Som om dette ikkje var nok blir det i dag bygt gigantiske kraftgater over heile landet, som skal forsyne Europa med norsk vasskraft. Investeringane på 140 milliardar kroner skal det norske folk betale over nettleiga, noko som inneber norsk import av dei høge kraftprisane i EU.

Den norske krafttragedien sluttar ikkje her, for no kjem EU si oppretting av energiregulatorbyrået ACER. NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) får delta i arbeidet, men får inga røysterett.

Raudt Sogn og Fjordane stør Nei til EU si vurdering at dette vil føre til ei like stor innsnevring av norsk suverenitet som då Noreg i fjor vart underlagt EU sitt finanstilsyn, som ifølge § 115 i Grunnlova krev tre fjerdedels fleirtal i Stortinget for å verte vedteke. Saka understrekar kor viktig det er å få Noreg ut av EØS. Jo før, jo betre!

Raudt meiner at Noreg treng nasjonal kontroll over den norske kraft- og energipolitikken. Krafta skal ikkje vere ei vare som kan seljast til høgstbydande! Dessutan er elektrisk straum avgjerande for å få transportbransjen (ferjetrafikken, kollektivtrafikken osv.) bort frå bruk av fossile drivstoff.

Raudt meiner vi treng ein sosialt rettvis straumpris for private heimar i heile landet, samt langsiktige kraftkontraktar for industrien og eit lågare nivå på industrikraftprisen. Raudt vil difor jobbe mot dei planlagde kraftgatene.

Vi oppmodar alle stortingsrepresentantane om å avvise EU-organet ACER sitt ønske om å få kontroll over den norske energisektoren.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags