Fornybar energi - vårt viktigaste konkurransefortrinn

Shanghai -Pudong

Shanghai -Pudong Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Erik Solheim legg i Firda til grunn eit svert pessimistisk syn. «Kraft til å brenne pengar».

DEL

LesarbrevDet er ingen grunn til det. Den rike tilgangen på fornybar energi, er tvert imot eit viktig konkurransefortrinn framover. Alle snakkar om det grøne skifte, vi kan gjere det i praksis. Vi kan etablere meir kraftkrevjande industri på Vestlandet, både tradisjonell og datalagring som Lefdal Mine.

På Karmøy har Hydro investert 4,5 milliar i ein ny «aluminiumspilot». Med teknologi utvikla i Årdal. I Tyssedal planlegg Tizir å investere 6 milliarder.

I Naustdal skal Nordic Mining etablere ei gruve i Engebøfjellet, grunnlagsinvesteringer er på 1,7 milliarder.

Sunnfjord har ei rekke fjell som inneheld same minerala som Engebø. Rutilen frå Engebø må foredlast tein plass på kloden. Med den rikelege tilgangen på energi som vi har i fylket.

Bør vi ha som mål å få til eit 4. smelteverk i fylket basert på rutil. Med den nye 420 kv linja Sogndal-Ørskog har vi eit kraftig nett med god kapasitet. Får vi det til er vi langt på veg til å bygge ei rutil klynge. Der Solheim ser problem ser eg mogelegheiter.

Kina som har verdens største forbruk av kol med påfølgjende dårleg luftkvalitet. Må for å få bukt med luftkvalitet. Må dei foredle meir av sine behov for metaller utanfor eige land.

Då peikar Norge og Vestlandet seg ut som eit svært godt stadvalg. Etter tredje besøk i landet i 2017, er det glededeleg å oppleve positiv respons på denne tankerekka der. BlueStar Kina kjøpte Elkem for 14 milliarder i 2011. Slik sett eig dei smelteverket i Svelgen i dag.

Alle dei tre regionale selskapa i fylket har større vasskraftprosjekt under planlegging. Det er gitt 75 konsesjonar til småkraft i alt på 703 GWh som ikkje er bygde. Ein del vindparkar er også under planlegging. Det er med andre ord mogeleg å auke produksjonen med 2-3 TWh. Noko som langt på veg kan forsyne eit nytt smelteverk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags