Koronaviruset slår «knock out» på kulturlivet

I DVALE: Breimskoret legg seg i dvale for ei stund, men lovar å kome sterkt tilbake, skriv artikkelforfattaren.

I DVALE: Breimskoret legg seg i dvale for ei stund, men lovar å kome sterkt tilbake, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevBreimskoret var heilt til nyleg i full sving med førebuingane til vår nye kabaret «Enklare liv?» som var tillyst 24. og 25. april i Trivselshagen. Nesten over natta vart situasjonen totalt forandra for all kulturaktivitet i landet, grunna det frykta covid-19 viruset. Avlysingar vart naturlegvis det einaste rette! Kva som skjer med kulturaktivitetane framover, er det sjølvsagt uråd å meine noko sikkert om så tidleg. I verste fall må aktivitet leggjast på «is» i lang tid.

Breimskoret legg seg i dvale for ei stund, men lovar kome sterkt tilbake når det ligg til rette for det. Vår situasjon er sjølvsagt heilt uproblematisk og ikkje nemnande i det store biletet. Når denne uverkelege situasjonen er over og landet igjen livnar til , vil eit oppegåande kulturliv vere særs viktig!

Eit samstemt storting har nyleg vedteke svært omfattande tiltakspakkar som skal bøte på dei enorme utfordringar og tap næringslivet no vert påført. Det var viktig, naudsynt og heilt avgjerande slik stoda har utvikla seg. Stor takk og ros til alle partia på Stortinget som står skulder ved skulder i denne krevjande tida for landet!

Kulturlivet har ei svært viktig rolle i eit velfungerande samfunn. Plutseleg som lyn frå klår himmel, står no titusenvis av kulturarbeidarar og andre såkalla enkeltmannsføretak utan arbeid og inntekt. Regjeringa har meldt at dei innan kort tid vil leggje fram ein tiltakspakke som skal avhjelpe også desse profesjonane. Det er å håpe at «pakken» som vert lagt fram er så stor og kraftfull at den kan ta vekk tyngste børa, skape framtidstru og optimisme. Det har både dei og vi andre lov å forvente av storsamfunnetI

Eit fungerande kulturliv som kjapt er på føtene att når unntakstilstanden er over og vi igjen kan ha normalt samkvem, vil garantert gjere ein skilnad og hjelpe til at samfunnet snarast mogeleg kan kome i gjenge att!

Inntil vidare får mottoet for oss alle vere og som nordlendingane alltid har trøysta seg med; "Vi står han av!"

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags