Koronaviruset – låglønnsgrupper bør få risikotillegg

Lågtlønna bør få risikotillegg, meiner Odd Skrede.

Lågtlønna bør få risikotillegg, meiner Odd Skrede. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I denne tida med pandemi er det grunn til å stoppe opp for å sjå kva arbeidsgrupper som er mest utsett for å bli smitta av koronaviruset på sin arbeidsplass. Her er etter mitt syn blant anna desse yrkesgruppene:

Dei som arbeider i helsevesenet, butikkarbeidarar, særleg kassaoperatørar, arbeidstakarar i restaurantnæringa, bussjåførar og reingjeringspersonale. (her er truleg fleire). Desse fem gruppene må utføre arbeidet fysisk på sine arbeidsplassar med stor smitterisiko. Mange andre arbeidsplassar i det offentlege, har vore stengde ned, eller er det framleis, kan utføre arbeidet frå heimekontor.

Det som og ein merkar seg, er at dei yrkesgruppene eg har nemnt, tilhøyrer alle lågtlønnagrupper. Er det kanskje på tide å vurdere eit ekstra risikotillegg til desse yrkesgruppene? Denne pandemien vi har internasjonalt, veit ingen kva tid tek slutt. Den kan vi måtte leve med i årevis. Så eit risikotillegg må her vere på sin plass for dei mest utsette yrkesgruppene i samfunnet vårt. Dei som må stå i fremste linje, for at samfunnet skal fungere. Det er gjerne på tide å ta dette opp til vurdering.

Så har vi registrert at bussjåførane måtte gå til streik midt opp i pandemien. Dei hadde rettkomne krav. Krava vart kritisert frå arbeidsgivarhold for at det var utidig å komme med krav og streik no. Men dette var ein utsett tariffsituasjon frå i vår, så denne kritikken fell på sin eigen urimelegheit. Og når vi veit at kritikken kjem frå «Baronane», som leiar i Fellesforbundet kallar dei, som etter det som er opplyst; tener desse «Baronane» like mykje kvar månad som bussjåførane tener på eitt år. Ja då er det grunn til å fryse baronlønene for 5–10 år inn i framtida.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken