Koronaviruset gjev store økonomiske tap for kulturhusa

Ei spørjeundersøking utført av Huset i Bygda syner at organisasjonseigde kulturhus i snitt i snitt vil tape om lag 45.000,- på koronakrisa. Totalt snakkar vi eit estimert tap på minst 18 mill. berre for husa i Sogn og Fjordane i perioden frå mars til og med sommaren 2020.På bildet: Viking ungdomshus i Førde.

Ei spørjeundersøking utført av Huset i Bygda syner at organisasjonseigde kulturhus i snitt i snitt vil tape om lag 45.000,- på koronakrisa. Totalt snakkar vi eit estimert tap på minst 18 mill. berre for husa i Sogn og Fjordane i perioden frå mars til og med sommaren 2020.På bildet: Viking ungdomshus i Førde.

Av
DEL

LesarbrevDei organisasjonseigde kulturbygga – ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa og bygdehusa – er levande kulturarenaer, i stor grad finansiert med dugnad og frivillig innsats. Desse husa betyr mykje for samhald og identitet i små og større bygder og byar. Dei bidreg med kulturproduksjonar, gjev lys i vindauge og aukar bulysta mange stadar. Dei siste åra har det òg skjedd særs mykje positivt kring desse husa. Mange hus opplever fornya engasjement, og dei vert brukt dagleg i lokalsamfunna.

Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) etablerte ordninga Huset i Bygda (HiB) i 2010. Formålet med HiB er å hjelpe, støtte og inspirere desse organisasjonseigde kulturbygga i Sogn og Fjordane. Slik vonar SOFUL og HiB å medverke til å skape meir synlege, sterkare og relevante kulturbygg med allsidig og inkluderande aktivitetar og tilstellingar.

Huset i Bygda har stor respekt for det arbeidet som regjering og offentleg forvalting gjer for å handtere koronaviruset, og vi er opptatt av at myndigheitene skal få tid og moglegheit til å løyse desse utfordringane. Ikkje minst er vi glad for at Kulturdepartementet har utarbeidd eiga kompensasjonsordning for kulturfrivilligheita.

Men vi er uroa for at dei organisasjonseigde kulturhusa skal verte gløymd i debatten kring offentleg støtte til kulturinstitusjonar og frivilligheita. Spørjeundersøking utført av Huset i Bygda syner at desse husa i snitt i snitt vil tape om lag 45.000,- på koronakrisa. Totalt snakkar vi eit estimert tap på minst 18 mill. berre for husa i Sogn og Fjordane i perioden frå mars til og med sommaren 2020.

Dessverre ser vi at kompensasjonsordninga har store manglar i utforminga som gjer at mange kulturhus ikkje er i posisjon til å søke midlar. Til dømes er det stilt krav om minimum 25.000,- i billett- og deltakaravgift. Mindre lag står dermed i fare for å ikkje få dekka tapte inntekter ved avlysing av t.d. konsertar og revyar, då dei ikkje vil nå denne grensa for billettinntekter.

Utforminga gjer òg at organisasjonseigde hus ikkje vil få dekka tap av som følge av bortfall av utleigeinntekter og avlysing av marknadar og basarar. Desse utgjer mykje av inntektsgrunnlaget for mange hus. Utforminga av kompensasjonsordninga verkar difor urimeleg for kulturhus i små- og mellomstore lokalsamfunn, som utgjer mykje av busetnaden i distrikts – Noreg. HiB oppmodar difor om at styresmaktene raskt ser på ein forbetring av kompensasjonsordninga.

For mange lag og organisasjonar som driftar lokale kulturhus på frivillig basis, er påske og mai to viktige månadar som bidreg med store inntekter som går til å dekke mange av dei faste utgiftene husa har resten av året. At alle kulturarrangement i første omgang er forbodne til 15. juni verker like negativt inn på kulturhus drifta på frivillig basis, som større profesjonelle føretak.

Også dugnadsdrivne hus har faste utgifter som straum, forsikring og kommunale avgifter, som vatn og renovasjonsavgifter. Her vonar vi at kommunane òg er med på å ta ansvar for å støtte husa. Eit godt lokalt verkemiddel kan vere refusjon av kommunale avgifter for 2020 til organisasjonseigde kulturhus.

Dessverre står koronaviruset i fare for å reversere mykje av det positive arbeidet som har vore utretta for og med desse husa dei siste åra. Huset i Bygda oppmodar difor styresmaktene om å sjå på korleis ein kan hjelpe desse husa. Eitt verkemiddel er at midlane som er sett av til kulturlivet, må innrettast slik at også desse husa kan få kompensert deler av tapa sine.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags