Koronasmitte helsepersonell

Av
DEL

Lesarbrev

Nesten så ein blir forbanna av å lese kva som har skjedd ved Nordfjord sjukehus.

Leiinga ved helse Førde beklagar sjølvsagt hendinga der ein lege kjem frå eit høgrisiko land som Sverige er, og går rett på jobb utan å måtte vere i karantene eller bli testa. Prøver dei seg på at det er lettare å få tilgivelse enn tillating?

Forstår godt at Leiar for Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen, stiller seg uforståande til at Helsedirektoratet ikkje har forskriftsfestet krav om testing av svensk helsepersonell.

Kor er logikken når norske myndigheiter forbyr norske statsborgarar å reise til Sverige, og om ein reiser over til vårt naboland så må ein i karantene når ein kjem heim igjen til Norge.

Går ut frå at alle svenskar som kjem over til Norge er velkomne, men dei må gå rett i karantene. Så kvifor gjeld det ikkje dei som skal ta seg av sjuke personar?

Det burde vere obligatorisk for alle svenske borgarar. Får nå håpe at ingen av pasientane på sjukehuset er blitt smitta.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags