Koronasjuke eldre på sjukehus

Av
DEL

LesarbrevMange takk til hjartespesialisten som sette inn ein Pacemaker til mor mi på 98 år. Han såg ikkje alderen hennar som hinder.

Den 12. mars 2020 vart det ein spesiell dato for heile Norge. Mykje vart stengt. Dei som er i aldersbustadar og sjukeheimar får ikkje besøk av pårørande. All aktivitet som for eksempel på «aktivitetsstover» er lagt ned. Dette fører til meir einsemd for bebuarane i aldersbustadar og pasientar på sjukeheimar.

Dersom dei vert koronasmitta og blir alvorleg sjuke, får dei ikkje tilbod om å komme inn på sjukehus. Dette er eit sentralt vedtak frå Helseminister Høie. Det å behandle alvorleg koronasjuke pasientar krev tett oppfølging av personale med spesialkompetanse. Dette kostar pengar å så ha ein spesialsjukepleiar heile tida til kvar pasient.

Legar er ikkje tilgjengelege heile tida på sjukeheimar, slik det er på eit sjukehus. Det er heldigvis lite smitte i kommunar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Sjukehusa i Helse Vest har god kapasitet til å ta imot koronapasientar. Dei bør ta imot pasientar uavhengig av alder. Det er fleire som bør tenke slik hjartespesialisten som kom til Førde i januar 2020.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags