Korona – vår tids største problem?

SOLIDARITET: Dette er på mange måtar eit solidaritetsprosjekt, der målet er å begrense ytterleg smitte og sørge for at risikogruppene ikkje vert eksponert unødvendig. Det er heller ikkje nødvendig å hamstre inn mykje mat, sidan daglegvarebutikkane held ope, skriv artikkelforfattaren.

SOLIDARITET: Dette er på mange måtar eit solidaritetsprosjekt, der målet er å begrense ytterleg smitte og sørge for at risikogruppene ikkje vert eksponert unødvendig. Det er heller ikkje nødvendig å hamstre inn mykje mat, sidan daglegvarebutikkane held ope, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Nyheitsbilete er prega av korona-viruset. For kvar dag som går, rapporterast det om nye smittetilfelle og at korona er i ferd med å sette sine spor, både her i Noreg og resten av verda.

Vi opplever no dei strengaste restriksjonane i fredstid. Fly er vorte satt på bakken, arrangement er avlyst, skular vert stengde, kritisk infrastruktur og helsevesen vert sett i beredskap, samt både store og små verksemder får utfordringar. Når ein blir truga på mange frontar samtidig, er det naturleg at bekymringa kjem. Kva kan ein gjere?

Det aller viktigaste er at ein går inn i oss sjølve; der ein legg til rette for god handhygiene, hoste og nyse inn i armkroken eller nytta papirlommetørkle, unngå handhelsing og store forsamlingar. Om du kjenner deg dårleg, så hald deg heime. Dette er på mange måtar eit solidaritetsprosjekt, der målet er å begrense ytterleg smitte og sørge for at risikogruppene ikkje vert eksponert unødvendig. Det er heller ikkje nødvendig å hamstre inn mykje mat, sidan daglegvarebutikkane held ope.

Harald Nyland. 1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre

Harald Nyland. 1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre Foto:

Vi er heldige som bur i Noreg, der vi har høg tillit til myndigheitene og dei råda som kjem ut. Dette kan ein bruke til vår eigen fordel, med tanke på at heimekarantene og at tiltaka blir gjennomført på ein best mogleg måte. Bent Høie seier det så fint: «Dette er ein nasjonal dugnad, der alle må delta for å spare menneskeliv». Dugnadsånda står sterkt her i Noreg, der den no viser seg frå si beste side under denne pandemien. Nordmenn som har vore på reise i land med vedvarande smitte, sørger for å gå i heimekarantene slik at viruset ikkje spreiarar seg. Dette er eit viktig og godt tiltak.

Helsesektoren gjer allereie ein formidabel innsats, men det er ikkje nok. Heile samfunnet må stille opp. Ein kartlegging viser at tilstrekkeleg smittevernutstyr kan verte ein utfordring i det lange løp, difor er det flott å sjå at næringslivet stiller opp. Der dei skal undersøke om det er mogleg å starte med norsk produksjon av utstyr, som kan verte mangelvare. Noko som viser seg kan vere ein realitet.

Fram til no er det høgst nødvendig å følgje dei råda som helsemyndigheitene har satt, samtidig som ein held seg oppdatert for kvar dag som går. Vert du sett i karantene, er det ein god grunn til det. Difor er det viktig at ein opprettheld karantenane på ein forsvarleg måte, der ein skal unngå kontakt med andre og ikkje opphalde seg i det offentlege rom.

Får du ikkje gjere nødvendige innkjøp av det daglege, kan du anten; spørje ein venn, eit familiemedlem eller kommunen om hjelp. Det er i lag vi er sterkast, og det er saman vi kan stoppe spreiinga av korona-viruset. Vert difor med på den nasjonale dugnaden!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags