Korleis prioriterer Statens Vegvesen?

Idun Losnegård er frustrert over at Statens vegvesen endrar opningstidene på i Nordheitunnelen på fv 609 utan tilfredsstillande varsling.

Idun Losnegård er frustrert over at Statens vegvesen endrar opningstidene på i Nordheitunnelen på fv 609 utan tilfredsstillande varsling. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Sidan mai har Statens Vegvesen halde stengt Nordheitunnelen på fv 609 mellom Askvoll og Førde på grunn av oppdatering og sikring. Inntil nyleg var begge tunnelane stengde pga arbeid, ein kunne snike seg gjennom nokre gonger for dagen. Men var tidspunkta koordinert mellom dei to tunnelane- nei! Det verka som dei ikkje visste om kvarandre, det var berre vi billistar som kunne rapportere om at, jo, ein annan tunnel ikkje så langt unna var også stengt, så dersom vi kom seint gjennom den eine, så kom vi altfor seint til opninga av den andre.

No er den eine tunnelen opna igjen, men den andre driv og forandrar opningstidene sine. Nordheitunnelen har vanlegvis ope heilt fram til kl 10.10 på mandags morgon. Vi pendlarar treng å kunne planlegge veka vår, og eg sjekka samvitsfullt den godt brukte nettsida til vegvesenet: Trafikkmeldingar. Hadde denne sida vore i ei bok, hadde sidene vore slitte, tilsøla med kaffi slik at ein kunne nett skimte bokstavane. Her stod det søndags ettermiddag slik eg hadde forventa: tunnel open før kl 10.10. Når eg då kjem inn til tunnelen ca 09.15 mandags morgon, blir eg møtt av to tunnel arbeidarar som seier at nei, her er det stengt! Det blir ingen opning før rett etter kl 10. Eg mistar fatninga, for dette har bygd seg opp over lengre tid, med omkøyring, forseint på jobb og mykje tid i bil utanfor tunnel. Karane seier at dei visste om dette fredagskveld, men det hadde ikkje blitt oppdatert før idag tidleg.

Kva er dette for respektlaus behandling? Dette er som ferjeruter for oss pendlarar! Ein kan ikkje berre forandre ferjerutene eit par timar før! Og kva for prioritering er dette?

Vi køyrer på ein livsfarleg veg, der desse to tunnelane er dei sikraste punkta på denne vegen! Korleis bruke så mykje resursar på desse når det er heile resten av vegen som treng sikring!

Vi veit at vi risikerer livet kvar einaste dag på den vegen. Mens vi ventar på at desse farlege strekningane skal bli gjort noko med - og då meiner eg IKKJE dei eksisterande tunnelane - så må vi berre få lov å komme oss på jobb.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags