Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I Sogn og Fjordane er det 84 kor med til saman 1988 korsongarar. All denne flotte songaktiviteten vil bli skadelidande dersom regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett blir vedtatt. Kutt i vaksenopplæringsstøtte, kutt i kulturstøtte til barn og unge og avkorting av momskompensasjonen vil gje korsongen trongare kår.
Korsong er den største kulturaktiviteten i Norge. Gjennom hyppige korøvingar får medlemmene utvikla seg som korsongarar og som menneske. Dei får uttrykkja seg gjennom songen, og ta del i eit fellesskap som er viktig for mange. Det er godt dokumentert gjennom forsking at song har positive helseeffektar, og vi veit at deltaking i kor kan vera førebyggjande mot einsemd og psykiske plager. Slett ikkje å undrast at korsong er anbefalt føreskrive på blå resept.
Kulturminister Linda Hofstad Helleland seier sjølv at "lokale og frivillige kulturtilbod er en viktig del av grunnmuren i norsk kulturliv og er en sentral satsing for denne regjeringa". Det er prisverdig at regjeringa vil gje auka støtte til kompetanseheving for dirigentar og aktivitetsmidlar for kor, men når dei nå kuttar meir enn dei gir, blir dette i sum negativt, og slett ikkje den satsinga som var forventa og lova.
Kutt i vaksenopplæringsstøtte. I årets framlegg til statsbudsjett blir det det kutta kraftig i støtta til vaksenopplæring gjennom studieforbund, dei såkalla VO-midlane. Dette er botnplanken i finansieringa av instruktørar og dirigentar til norske kor, og framlegget inneber ein reduksjon på 16 prosent i denne støtta. Berre for kora betyr dette redusert finansiering på over 3 millionar per år. Denne støtta blir gitt til alle kor, folkelege amatørkor såvel som ambisiøse kor med songarar på høgt nivå. Dermed blir svært mange ramma. Det kan bety at kor på mange mindre plasser må leggja ned verksemda fordi dei ikkje har råd til å betala dirigent.
Kutt for barn og unge. Kulturlivet for barn og unge får kutt ved at ordninga LNU Kultur er stroken i framlegget til budsjett. Ordninga som i siste budsjett fekk 3,4 millionar, gir støtte til nye kulturprosjekt i barne- og ungdomsorganisasjonane.
Regjeringa foreslår også å kutta i støtta til folkehøgskulane sine kortkurs. Dette rammar kulturlivet generelt og korsongarar spesielt. Mange gode opplæringstilbod innanfor korsong blir finansierte gjennom denne ordninga.
Større avkorting i MVA-kompensasjon. I tillegg inneber framlegget til statsbudsjett at alle kor vil få større avkorting i momskompensasjon, og dermed mindre pengar til drift. Dette går feil retning i høve til målet om full momskompensasjon for det frivillige kulturlivet.
Vi i Norges Korforbund Sogn og Fjordane ber innstendig om at framlegg til kutt i støtte til frivillig kulturliv blir nedstemt, og at vaksenopplæringsstøtta må haldast minst på dagens nivå. Dette må til for at kora våre skal utvikla seg vidare til allés felles glede!