Kor lenge vert regionkontoret til BOB halde oppe?

Odd Skrede lurer på kor lenge regionskontoret til BOB i Førde vert oppretthalde.

Odd Skrede lurer på kor lenge regionskontoret til BOB i Førde vert oppretthalde. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg har registrert i ein reportasje i Firda 26. september at ei tomt i indrefileten i Førde ligg useld, trass i at den har vore lagt ut for salg. Tomta er gryteferdig regulert for ei mindre bustadblokk. Etter som det går fram passar ikkje denne tomta inn i enkelte entrepenørar sine planar.

Men kva med BOB (tidlegare Sogn og Fjordane BBL) som har jamra seg for at dei ikkje får tak i tomtar i Førde? Kva med denne tomta i Angedalsvegen, er ikkje den interessant for eit selskap som ikkje har bygd bustadar i Førde på ca. 10 år? Korleis står dette i forhold, at laget skal skaffe bustadar til sine medlemar?

Laget hadde ikkje kapital

Eg var oppom kontoret til tidlegare Sogn og Fjordane Bustadbygglag for ein del år sidan. Eg stilte spørsmålet om kvifor dei ikkje skaffa seg tomtar og var med på utviklinga / bustadbygginga i Førde, men let dette over til entrepenørar og profittgjegerar. Eg fekk til svar at dei hadde ikkje kapital til å kjøpe tomtar for. Ja dette var eit trøystelaust svar. Korleis kan eit selskap med ein bra medlemsmasse, svær administrasjon, sitte i ro og mak, og berre administrere og selje brukte husvære bygt før år 2000? Eg reknar med at folk melder seg inn i Bustadbyggelaget med tanke på at laget skal komme med varierte tilbod om nye husvære.

Så no må det vel vere kapital i selskapet. Eller er det ikkje vilje til å satse på bustadbygging i Førde? Jau, eg er klar over at BOB tapte kampen om Angdalsvegen 6, og eg er klar over at BOB har planar om ei svær utbygging på Bergum, som eg trur har køyrt seg på grunn av ei ganske så hard utnytting av eit område som er tett utbygd tidlegare. (Vi er tross alt i Førde). Men er det slik at det berre er store utbyggingar som er interessant for BOB? For nokre år sidan vart lansert ei stor utbygging av DOMUS-kvartalet. Kvar er det blitt av desse planane ?.

Har medlemskap i BOB verdi i Førde?

Eg har eit medlemskap i familien som er ca. 50 år. I tillegg kjøpte eg for seks år sidan medlemskap til alle seks borneborna, dei yngste då 6 år gamle. I familien har vi såleis 9 medlemskap. Har det nokon hensikt å betale på desse i BOB, når det ikkje finnst tilbod frå laget? Mens bustadtilbod fløymer over frå det private markedet?

Så no står BOB meg svar skuldig. No stiller eg spørsmålet til regionsdirektør Judith Straume her i Førde. Har medlemskapet nokon verdi? Kor lenge må ein som medlem av BOB vente å få tilbod på nye husvære i Førde? Kor sentrumsnært må ei tomt vere før den har interesse for BOB? Og heilt til slutt. Kor lenge trur du, regionskontoret I Førde vert oppretthalde, når det ikkje skjer ei flis av nyproduksjon i BOB?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken