Ny storkommune i Sunnfjord

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

(Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

LesarbrevÅ gå vidare med Sunnfjord som namn på den nye storkommunen er unødvendig ressursbruk, som kan ha eit ekskluderande signal, og i verste fall skape splid. Det er ingen tent med.

Slik eg ser det er klokskap og godt leiarskap her at ordførarane som representerer den nye storkommunen utøver naudsynt fleksibilitet og skjønn, og korrigerer dette raskt. Ein må ta innover seg at intensjonen om ein samla storkommune ikkje vart ein realitet, og då bør ein også gå vekk frå å vurdere eit namn som kommunar utanfor denne storkommunen også høyrer til, og har «eigarskap» i. Med ansvar og respekt for det totale fellesskapet, vidare samarbeid og godt naboskap bør ikkje fleire runde på namnet Sunnfjord vere eit alternativ.

Når det gjeld den nye storkommunen og klimaet der, er mitt synspunkt at eit alternativ er å vurdere eit heilt nytt og uavhengig namn i staden for å velje namnet til ein av dei involverte kommunane. Ein kan framleis ha lokale stadnamn som før var kommunenamn.

Historie, identitet og tilhøyrsel set djupt i menneske, og har stor betydning for mange. Ved å ta omsyn til dette i ein slik prosess, der ein inkluderer og varetar verdiane og mangfaldet den nye storkommunen skal romme, kan dette bli ein styrke og ressurs som kan samle folket i denne nye storkommunen på ein likeverdig måte.

Eit anna alternativ er å korrigere intensjonsavtala til namnet Indre Sunnfjord, og jobbe vidare med det. Dette bør vere formalitetar som ein lett kan justere.

Intensjonen må vere å skape eit godt og utviklande klima og vekst, både innanfor den nye kommunen, og med dei andre kommunane som er, og framleis vil vere ein del av Sunnfjord.

Artikkeltags