Kvifor Sunnfjord?

Av

Kvifor skal den nye kommunen heite Sunnfjord? Er det fordi namnet høyrest så vakkert ut, eller er det for å skape eit diplomatisk grunnlag for ei samanslåing?

Frode Hovland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Frode Hovland *** Local Caption *** Frode Hovland

Frode Hovland *** Local Caption *** Frode Hovland (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

LesarbrevDersom ein ikkje klarer å få til ei samanslåing fordi ein er usamd om namnet til den nye kommunen, korleis vil då grunnlaget for heile samanslåinga fungere i det praktiske samarbeidet. Kommunane rundt Førde vil uansett ved ei samanslåing kjenne på "presset" frå Førde.

Førde vil - om ein då ikkje lukkar auge og øyre - sitje i førarsete i den framtidige kommunen, det blir difor feil å kalle kommunen for Sunnfjord for å unngå ein følelsesmessig kamp som kan sette prosessen ut av spel. Då syns eg heller at prosessen bør stoppast.

Poenget mitt er at det er uhensiktsmessig lage eit nytt namn når vi har namn som er godt innarbeidd allereie. Det ville vore merkeleg om Bergen i si tid bytte namn til Åsane eller for den slags skyld Fana. Utan samanlikning sjølsagt!!

Førde er og blir det rette namnet i ein storkommune. 

Artikkeltags