Gloppen bør gå til Sunnfjord

Heradsplassen på Sandane.

Heradsplassen på Sandane. Foto:

Av
DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

LesarbrevEg har sjølvsagt registrert at kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster har vedteke å slå seg saman, men i denne kabalen er det etter mitt syn nokre kort som manglar. Desse heiter for det første Askvoll, Fjaler og Hyllestad, men det finst også ein kommune i Nordfjord som burde vere med, nemleg Gloppen.

Grunnen til at eg vil ha Gloppen med, er at eg har inntrykk av at jordvern står sterkt der, og at glopparane såleis kunne vere med på å bremse den meiningslause nedbygginga av dyrka jord som går føre seg i Førde. Ein annan grunn er geografien. Det er berre å sjå på kartet så ser alle at Gloppen høyrer naturleg ilag med Sunnfjordkommunane.

Men eg meiner også at kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad må med i den nye storkommunen. Korleis skal det elles gå med desse små kommunane om dei blir ståande åleine? Dei er små no, og dei vil bli endå mindre om dei blir ståande åleine. Min eigen kommune, Flora, har bestemt seg for å stå åleine og det kan den gjere. Så kan vi om nokre år gjere samanliknande undersøkingar for å sjå korleis det har gått med Flora kontra storkommunen.

At eg vil ha ein så stor kommune som eg no har skissert, har å gjere med mange ting, men ein grunn er all skogen som står hogstmoden rundt om i fylket. Det er meiningslaust at denne ressursen blir sendt ut av fylket, ja endåtil ut av landet. Dette må det gjerast noko med, og ute på Lutelandet ligg eit industriområde med god plass og med areal som ikkje kan nyttast til matproduksjon. Her må det gå an å etablere ein skikkeleg stor foredlingsindustri som kan ta seg av all skogen langs kysten frå Agder til Nordmøre, og som så kan fraktast på kjøl til Lutelandet.

Med ein storkommune, der desse kystkommunane også er med, vil det gå an å etablere ei skikkeleg skogavdeling med den ekspertisen som må til. Såleis kan skogbruket få den hjelpa som sårt trengs og vi vil få ei industrietablering som ikkje tek i bruk dyrka eller dyrkbar jord. Ei slik etablering ville også vere eit godt argument for kystvegen og den ville tvinge fram betre kommunikasjonar frå innland til kyst.

Mi bøn til Fylkesmann Anne Karin Hamre er at ho set seg ned og ser på desse kommunegrensene på nytt, og at ho syter for at Gloppen, Askvoll, Fjaler og Hyllestad kjem med i den nye storkommunen. Det ville alle tene på og så kan Flora vere prøvekanin for det å stå åleine inntil vidare.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags