Førde - eit kommunenamn for vekstkraft

Foto:

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

LesarbrevEin namnekomitê beståande av ordførarane i Førde, Naustdal, Gaular og Jølster går inn for kommunenamnet Sunnfjord. Kommunsestyra bør avvise dette namneforslaget og heller gå for Førde.

Sunnfjord-kommunane Flora, Bremanger, Askvoll og Fjaler blei ikkje med på kommunesamanslåingsprosjektet "Sunnfjord kommune". Nokre ordførarar ville heller ikkje ha med Askvoll og Fjaler. Flora og Førde elskar å hate kvarandre. Bremanger har nok utfordringar med reisetid til kommunsenteret allereie. 

Førde er av mange gode grunnar eit framtidsretta kommunenamn. Førde er bykommune med meir enn halvparten av innbyggjartalet i ein kommune som frå 2020 også omfattar Naustdal, Gaular og Jølster. Det er ikkje uvanleg at ein endar opp med namnekompromiss i samband med kommunesamanslåiingar. Ein skal ikkje oversjå kjensler rundt stadnamn og identitet, men kartet bør stemme overrens med terrenget. Talet på kommunar i Sunnfjord vert redusert frå 8 til 5. Av omsyn til kommunane som ikkje vert med på kommunesamanslåinga bør ein derfor finne eit anna kommunenamn enn Sunnfjord.

Sunnfjordringar er eit sindig folkeslag. For mange av dei innbyggjarane som i dag bur i Førde, Naustdal, Gaular og Jølster er kommunenamnet kanskje eit feitt. Av omsyn til potensielle tilflyttarar og tilbakeflyttarar bør ein satse på Førde som kommunenamn. For kommunen skal vel vere ein vekstkommune. Sogn og Fjordane har i generasjonar latt ungdomen flytte ut av fylket, med viten og vilje fordi ein ikkje ville satse på større byar. Sogn og Fjordane treng Førde som eit sterkt vekstsenter.

Førde er ein plass som er meir kjent enn folketalet skulle tilseie. Med 22-23.000 innbyggjarar vil dei fleste landsdekkjande bedrifter innan handel og anna tenesteyting med unntak av Ikea sannsynlegvis vurdere mogelegheitene for å etablering i Førde. Det er derimot usikkert om det er så mange forretningsfolk som kan plassere Sunnfjord på Norges-kartet. 

Førde er heldigvis betre enn sitt rykte. Det vil nok enno ta nokre tiår å utslette folk flest sine traumer etter å besøkt bygdebyen Førde i 1987. Førde må satse på å utvikle eit kompakt bysentrum med urbane kvalitetar. For å få dette til bør ein flytte arealkrevjande verksemder innan bygg, bil og transport utanfor bykjernen, fortrinnsvis i næringsparkar langs ny E39. Næringslivet vil utelukkande nyte godt av ei kommunesamanslåing. Og det kan vere ein fordel å samordne by- og arealplablegginga.

Førde, Naustdal, Gaular og Jølster har fungert lenge som arbeidsmarknadsregion med Førde som naturleg sentrum. Førdianarar er ikkje spesielt arrogante overfor "bønder i byn" fordi flesteparten av førdianarane jo er innflyttarar frå grannekommunane. På meiningsmålingar oppgjev flest  vil ha Førde som kommunenamn.

Jølstringane har framstått som mest skeptiske til kommunesamanslåing. I Jølster kommune der det stadig er strid mellom Vassenden og Skei, men interessant nok er det ein del som heller vil ha Jølster som kommunenamn enn Førde. Bygderivalisering vil neppe forsvinne med kommunesamanslåing, men kanskje vil kommunenamnet Førde mobilisere folk frå Vassenden og Skei for styrka Jølster-identitet?

Eg er usikker på kva som skal til for å overtale ordførarane i Førde, Naustdal, Gaular og Jølster til å lande på Førde som kommunenamn. Ser i Firda at kommunal- og regionalminister Jan Tore Sanner (H) har invitert ordførarane på seminar på idylliske Kviknes Hotell i Balestrand på statens rekning. For regjeringa er det nok  viktig å framheve denne kommunesamanslåinga som ein vellukka prosess, spesielt i byrjinga av eit valår.  I Høyanger lever fordommane mot sunnfjordingar i beste velgåande. Sanner burde etter mitt syn heller  invitert ordførarane på 3-dagarsfest i Høyanger med lokale heltar og full pressedekning!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags