Narrespel!

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Den kommunesamanslåinga i Indre Sunnfjord som kallar seg Sunnfjord, får 22 millionar kroner mindre i tilbakeføringar frå staten enn kva kommunane enkeltvis ville fått. Raudt forstår godt at dette skapar reaksjonar.

Det er også godt forståeleg at det blir reagert både i Eid, Flora og Vågsøy kommunar mot at nye statlege arbeidsplassar framleis kjem i dei store byane. Den mørkeblå regjeringa lokka nemleg med at kommunane skulle få tilført nye statlege arbeidsplassar dersom dei slo seg saman.

Raudt har heile tida tala mot samanslåing av fylka og av kommunane. Vi har hevda at dette blir gjort for å leggje til rette for privatisering av velferd og offentlege tenester og at samanslåing vil føre til avdemokratisering.

I dei samanslåtte kommunane, blir det færre folkevalde enn i det er i noverande kommunar til saman. Innbyggjarane får dermed færre å ta kontakt med for å fremje fleirtalsinteressene.

Dette er i samsvar med erfaringane med kommunesamanslåinga i Danmark. Det blei færre folkevalde, men fleire byråkratar. Dess større eit geografisk område er, desse fleire byråkratar og saksbehandlarar trengst for å halde oversikt.

Dersom resultatet blir at Indre Sunnfjord-kommunen får 22 millionar kroner mindre, vil det normalt ikkje gå ut over toppsjiktet i konstellasjonen. Raudt fryktar meir for m.a. lærarstillingane og pleiarstillingane - kort sagt dei stillingane som yter tenester der dei menneskelege behova er.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken