Kommunestruktur – ei sak for både lokalt og nasjonalt demokrati

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

KronikkKommunereforma starta våren 2014, og Stortinget bad kommunane om å gjere vedtak om eventuell samanslåing innan 1. juli i år. Regjeringa har no forlenga fristen for kommunane ut året. Dermed får kommunar som av ulike grunnar ønskjer det, høve til ein ekstra runde. Parallelt med saka om kommunestrukturen ser vi no tydelegare kva som kan verte resultatet i dei andre strukturreformene som er sette i gang i lokal- og regionalforvaltninga.

Regjeringa har gitt Fylkesmannen i oppdrag å gjere ei samla vurdering av om kommunestyrevedtaka er i tråd med hovudmåla i reforma, og kome med ei tilråding til regjeringa før 1. oktober. Til våren vert saka lagt fram for Stortinget, som fattar endeleg vedtak om kommunesamanslåingar. Prosessen har vore nokså lik tidlegare prosessar i store saker som vedkjem heile landet; kommunane kjem med sitt syn, det vert vurdert fagleg av regjeringsapparatet, og til slutt lagt fram for Stortinget for endeleg avgjerd.

I løpet av våren 2016 har 22 av kommunane i Sogn og Fjordane gjennomført folkerøystingar eller innbyggjarundersøkingar om kommunesamanslåing. Ja-alternativa fekk fleirtal i 13 av desse kommunane.

I tillegg til dei fem kommunane som har gjort gjensidige vedtak om kommunesamanslåing, har seks kommunar gjort positive vedtak om samanslåing, men utan å få ja frå dei kommunane som dei helst ønskte å slå seg saman med.

Dette er bakgrunnen for at eg, i ein kronikk om kommunereforma som stod på trykk i dei fleste lokalavisene tidlegare i sommar, kom med ei oppmoding til kommunane om å vurdere å ta opp att drøftingane om kommunesamanslåing. Eg har også invitert fleire kommunar til dialog og samtalar etter sommarferien.

Eg har fått ein del kritikk for at eg kom med denne oppmodinga. I ein kronikk i Firda 6. august, påstår professorane Alf-Inge Jansen, Bjarne Jensen, Audun Offerdal og Nils Aarsæther at eg går til åtak på det norske folkestyret. Innhaldet i kronikken min er ikkje dekkande for ein slik påstand.

Professorane kjem med kritikk av grunnlaget for kommunereforma. Grunnlaget er grundig drøfta og vedteke av eit fleirtal på Stortinget. Det faglege grunnlaget for reforma vart mellom anna levert av eit ekspertutval, med tre professorar, ein erfaren kommuneforskar, direktøren for Distriktssenteret, og to rådmenn.

Dagens kommunestruktur vart i all hovudsak fastlagd på 1960-talet. Mykje har endra seg sidan den tid. Kommunane har fått ei rekkje nye oppgåver og langt meir ansvar i takt med utviklinga av velferdsstaten. Gjennom t.d. HVPU-reforma, Nav-reforma og samhandlingsreforma har kommunane fått tunge og krevjande oppgåver frå staten. Å leggje viktige oppgåver til det forvaltningsnivået som er nærast folk er fornuftig, og det motsette av sentralisering. Samstundes stiller mange av dei nye oppgåvene store krav til kompetanse som må vere til stades i alle kommunane.

Vi som er tett på kommunane i det daglege, ser at mange av dei strevar med å rekruttere fag- og leiingskompetanse på viktige område. Dette kjem òg tydeleg fram i rådmennene sine utgreiingar om kommunereforma.

Framover får vi ein stor auke i talet på eldre samanlikna med talet på yrkesaktive. Det set store krav til velferdstenestene, og vil gje auka konkurranse om arbeidskrafta for kommunane framover. Professorane trekkjer fram interkommunalt samarbeid som løysing, t.d. innan barnevern. Halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane deltek ikkje i interkommunale samarbeid om barnevern, og fleire av kommunane har små ressursar på dette viktige området. Vi ser òg at det er ulikt kor godt dei interkommunale samarbeida faktisk fungerer.

Arealplanlegging er eit anna område der det er krevjande for kommunane å sikre tilstrekkeleg kompetanse. Eg trur at det er ei medverkande årsak til at for mange av kommunane har utdaterte arealplanar, noko som gir problem for både innbyggjarar og næringsliv. Trass i sterke oppmodingar frå Fylkesmannen, eksisterer det ingen formaliserte interkommunale samarbeidsordningar om arealplanlegging i fylket.

Fleire kommunar manglar kapasitet til å arbeide godt med langsiktig økonomiplanlegging. Dette kan føre til at dei folkevalde gjer sine vurderingar og vedtak på sviktande grunnlag, noko som skapar problem for lokaldemokratiet og i forvaltninga.

Kommunereforma handlar om å finne saman og prøve å løyse desse og mange andre utfordringar i fellesskap i ein region. Etter mi vurdering er ikkje meir interkommunalt samarbeid svaret på dei utfordringane kommunane står framfor.

Professorane skriv at ulike reformer, som Nav-reforma og politireforma, råkar kompetansearbeidsplassar i fylket, og held fram at «fylkesmann Hamre synest å støtte desse reformene». Dei har ikkje teke seg tid til å finne ut kva Fylkesmannen faktisk har uttalt, t.d. at eg var kritisk til mange sider ved politireforma. Fråsegna vår om den reforma, ligg lett tilgjengeleg på heimesidene våre. No har Stortinget for lengst vedteke politireforma, og det er ei avgjerd eg respekterer og meiner vi må gjere det beste ut av.

Vi må legge til grunn at alle dei reformene med konsekvensar for kommunane som dels er vedtekne, dels er godt i gang, vert sette i verk. Eg meiner det er viktig at folk og lokalpolitikarar i fylket vert informerte om innhaldet i og konsekvensane av alle reformene i lokal- og regionalforvaltninga som er i gang samstundes med kommunereforma.

Det vil vere ein tenleg strategi for fylket å møte desse endringane med å etablere nokre større senterkommunar, som kan tene som bufferar for dei kompetansearbeidsplassane som vert råka av reformene. Eg er ikkje åleine om å meine dette. Fylkestinget har nyleg vedteke å utarbeide ein strategi for senterstruktur og senterutvikling i fylket. Eg har full respekt for dei som meiner noko anna.

Eg har valt å seie noko om korleis eg meiner vi best kan møte dei utfordringane fylket vårt no opplever. Det gjer eg trygt innanfor både fylkesmannsrolla og det oppdraget eg har fått i kommunereforma. Og i godt samsvar med demokratiske prinsipp.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags