Dagens kommunestruktur er best for innbyggarane

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevSogn og Fjordane er av dei fylka i landet som skårar best på velferdsindikatorar som levealder og kvalitet og resultat for offentlege tenester. Det er gjort stor innsats i utvikling av kommunikasjonar og infrastruktur. Fylket er mellom dei viktigaste når det gjeld produksjon og eksport – elektrisk kraft, metall, skipsverft, turisme, fisk og olje. Dessverre synest dagens regjerings- og embetsmiljø i liten grad å forstå kor mykje denne verdiskapinga betyr for landet. Reformer innan sjukehus, NAV, inntektssystemet for fylkeskommunane m.m., råkar kompetansearbeidsplassar i store deler av fylket med negative ringverknadane for andre arbeidsplassar. Fylkesmann Anne Karin Hamre synest å støtte desse reformene. På tvers av resultatet frå demokratiske folkerøystingar, vil embetskvinna at fleire av kommunane i fylket skal leggast ned og slåast saman til nokre få store kommunar. Det trur ho vil gje betre levekår og betre folketals- og næringslivsutvikling i Sogn og Fjordane. Embetskvinna gjev inntrykk av å vite betre enn borgarane kva som er best.

Vi skal prøve å seie noko om den forskingsbaserte kunnskapen vi har om verknader av kommunesamanslåing.

Tenestekvalitet
Grunngjevinga til fylkesmannen er at større kommunar gjer betre kommunale tenester. Kvalitet på kommunale tenester er vanskeleg å måle. Det vi har best kunnskap om er kor tilfredse innbyggarane er med kommunale tenester. For dei viktigaste kommunale tenestene – pleie og omsorg, helse og sosial, oppvekst og grunnskule – er innbyggarane i dei mindre kommunane mest tilfredse, og di større kommunane er, di mindre tilfredse er innbyggarane. Mange forskarar peikar på at denne samanhengen kan skuldast at dei som styrer og yter kommunale tenester i små kommunar er nær dei som tek mot tenestene. Det ser ut som om det er lettare for mindre kommunar å lage tenester som er tilpassa behovet til innbyggarane.

Lokaldemokrati
Konklusjonane frå omfattande forskinga om lokaldemokrati dei siste 20 åra er også eintydige. På indikatorar for demokrati som deltaking i val, medlemskap i politiske parti, erfaring frå politisk arbeid, kontakt mellom innbyggarar og politikarar og kommunale tenesteytarar skårar dei mindre kommunane høgast. Særleg dårleg er resultata for dei største kommunane. Større kommunane svekker vilkåra for borgaranes deltaking i det lokale folkestyret. Talet på folkevalde går ned, og vi sit igjen med fleire profesjonelle heildagspolitikarar. Til dømes vil talet på folkevalde i dei fire kommunane i Sunnfjord som skal slå seg saman til ein kommune, ifølge intensjonsavtalen bli redusert frå 93 i dag til 35 i den samanslegne kommunen. Då vil færre innbyggarar få erfaring som folkevald og færre vil kjenne og ha kontakt med folkevalde. Den nye kommunen vil få eit kjempestort areal med om lag 2200 km2, dvs. like stort som Vestfold fylke. Mange bygder i den nye kommunen vil ikkje bli representerte i kommunestyret. Er dette fylkesmannen sitt ideal?

Regional utvikling
Den viktigaste grunngjevinga for å slå saman kommunar er større fagmiljø. Det blir rett nok ikkje fleire fagfolk, men dei blir samla i større miljø. Fordelen er at dei kan spesialisere seg, hjelpe kvarandre, lære av kvarandre og ta over arbeid for kvarandre. Ulempene er meir byråkrati, behov for meir intern samordning, meir møteaktivitet og kanskje dårlegare lokalkunnskap. Eit problem med større fagmiljø er at rådhusa i kommunane som misser sitt kommunesenter blir tømde for arbeidsplassar (ordførar, rådmann, etatssjefar og deira fagmiljø). Oppgåver og arbeidsplassar blir flytte til rådhuset i den nye senterkommunen. Det førar til minska aktivitet i kommunesentera som misser rådhuset. Kva skjer då med NAV-kontor, bibliotek, bank, kafé, helsetenester, frisør osv.? Desse tilhøva er studert for dei 39 kommunane som slo seg saman i tidsrommet 1987 til 2012. Dei fleste samanslegne kommunane har svakare regional utvikling enn tilsvarande kommunar som ikkje er slegne saman. Det gjeld også dei som blei senterkommunar. Dei fekk rett nok fleire kommunale arbeidsplassar enn gjennomsnittet for tilsvarande kommunar som ikkje blei slegne saman. Ei forklaring kan vere at ordførarar, rådmenn, folkevalde og lokale organisasjonar er i stadig aktivt arbeid for å utvikle sin kommune og det svekkjar utviklinga i heile regionen når fleire av dei blir borte.

Rekruttering
Det er vanleg å hevde at dei mindre kommunane har problem med å rekruttere fagfolk. Forsking viser at det ikkje er systematiske forskjellar mellom store og små kommunar. Samanslåing av kommunar er også grunngjeve med at interkommunalt samarbeid er så omfattande at det undergrev kommunalt demokrati. Det er tilbakevist. Det er rundt 1000 slike samarbeid i landet og kommunane brukar mellom fire og sju prosent av utgiftene i slike samarbeid. Dette samarbeidet gjer sitt til at kommunar som har for lågt innbyggarunderlag til dei mest spesialiserte tenestene, kan løyse dei ved hjelp av interkommunalt samarbeid. Eksempel er renovasjon, brannvern og krisesenter.

Omstillingskostnader
Kostnader til omstilling blir alltid undervurdert i dei store og komplisert samanslåingsprosessane. Utgiftene kjem i form av tidlegpensjonering, konsulentutgifter, endringar i IKT-system, ombyggingar osv. Den største kostnaden er likevel at leiinga blir meir oppteken av interne forhold i kommuneorganisasjonen. Kamp om posisjonar og stillingar vil skape mykje uro og  utrygge tilhøve. Det minskar merksemda om kommunane sine viktigaste oppgåver som er utvikling og å gjere kommunale tenester betre, næringsutvikling og i dag, integrering av flyktningar.

På lang sikt eit verdival
Spørsmål om større kommunar dreier seg på lang sikt om verdival og ideologi – kva slags samfunn ønsker vi. Ønsker vi meir kommersialisering i kommunane, ønsker vi å styrke dei aller største bysentera, ønsker vi profesjonelle politikarar som har det som karriere og yrke, så bør vi gå inn for storkommunar. Men har ein tru på busetting og kompetanse i distrikta våre og folkevalde som først og fremst er representantar for innbyggarane, så er dagens struktur betre. Det Fylkesmann Hamre ikkje ser ut til å forstå er at ho ikkje har den kunnskap ho påstår seg å ha om konsekvensane av kommunesamanslåingar. Fylkesmannen ser heller ikkje ut til å ha noko klar oppfatning av fylkesmannsrolla – fylkesmannen er embetsmann og skal ikkje blande seg inn i politiske prosessar. Når Hamre ber om at kommunepolitikarane skal oversjå folkefleirtalet, så går ho til åtak på det norske folkestyret. Ho gjer seg til talsmann for at dei som er mot samanslåing har feil kunnskap. Når folkefleirtalet ikkje er samde med henne, så må borgarane tenke nytt. Vi stiller spørsmål om slike fylkesmenn forstår rolla slik ein fylkesmann bør gjere.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags