Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Sunnfjord. Indre Sunnfjord. Namn. Dette er eit litt vanskeleg tema. Folk i indre Sunnfjord er kjenningar, vener, slekt. No ser det ut for at somme vil stele Sunnfjordnamnet?
Vi har åtte kommunar i Sunnfjord. Viss fire av desse vil halde oss andre utanfor, så er det ikkje greitt. Dette er toskeskap, mangel på kultur og folkeskikk og historielaust.
Det går an å forstå at kommunane i indre Sunnfjord vil blåse seg opp til dobbelt storleik. Det følast kanskje tryggare. Dei har til og med fått godkjenning frå ministeren i Oslo. Men folket i indre Sunnfjord bør finne eit namn på kommunen sin sjølve.
Rett nok er der somme som forstår dette. Folk flest skjønar dette, trur eg. Men her er ein kunnskapslaus elite. Skal dei bestemme?
Både nasjonalt og internasjonalt (FN) er stadnamn verna. Vår felles kulturarv.
Stadnamnlova i Noreg:
Kulturminneverdien til eit stedsnavn.
Formålet med stedsnavnloven er etter § 1 «å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skygger for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna».
Stedsnavnene er en del av vår felles kulturarv. De gir opplysninger om språk, terreng, ferdselsårer, dyreliv, plantevekst, militære varslingssystem, kirkelig styring, folkelige gjøremål, ordbruk, arbeid, tenkemåte og levevis.
UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv:
Stedsnavn er immaterielle kulturminner. Historisk sett er det den materielle delen av kulturarven som har vært omfattet av eit rettslig vern.
Det gjelder både nasjonalt og internasjonalt.
§3. Namnevern. Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn og heller ikkje må vernast av andre grunnar.
Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn som har tradisjon som namn på det same namneobjektet.
Arroganse og hån:
– Eg forstår at folk opplever forslaget som arrogant, seier Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang (V).
Tidlegare Fjaler-ordførar Arve Helle meiner at å kalle den nye storkommunen for Sunnfjord er både ein hån og eit feigt val.
Nils Gjerland, Haukedalen i Førde skriv i debattinnlegg: – Eg gremmast over statsråd Sanner sitt namneval for den nye kommunen min. Det er umusikalsk, misvisande, ulogisk, og framstår som eit åndeleg ran frå resten av Sunnfjordregionen ...
No håpar vi at Indre Sunnfjord greier å få eit nytt namn. Vi har god tid til 2020