Førde er det mest naturlege

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

LesarbrevEg ser det er føreslege å kalle den nye storkommunen i Sunnfjord for Sunnfjord. Her støttar eg Frode Hovland sitt syn om at det er mest naturleg å kalle kommunen for Førde. Førde kjem av ordet fjord og vil vere naturleg slik kommunen ligg i enden av Førde fjorden. Skal fjorden endre namn også? Førdefjorden går inn til Førde. 

Eg ser andre og andre argument som talar imot Sunnfjord som namng og viser då til Gunnhild Berge Stang sitt innspel om at det heiter Dale i Sunnfjord. Forvirringa vert stor om ein vel Sunnfjord som namn. Førde er det mest naturlege og det som ein kjenner som sentrum i Sunnfjord, i tillegg til å vere største kommunen.

Nokre meiner kanskje at det er urettferdig og arrogant i høve dei andre kommunane, men ein kjem ikkje ifrå at Førde både geografisk og i folketal, tal arbeidsplassar er størst. Sunnfjord femner fleire kommunar enn dei som no sler seg saman, og det vert ikkje rett.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags