Sunnfjord i Sunnfjord

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevEg trur Sunnfjord som kommunenamn vil skape meir forvirring enn Florø i Flora. Korkje pressa eller folk flest har lært å bruke dette rett, etter 53 år. Ikkje ein gang i Flora Kommune.

Med to bla Sunnfjord, stava på same måte, blir det truleg verre. Alt før Sunnfjord vart kommunenamn, vart det gitt ut ei brosjyre for Indre Sunnfjord, med overskrifta "Sunnfjord REISEGUIDE". Tilsvarande finn ein i Visit Norway: På Sunnfjord si offisielle side finn vi berre dei same 4 kommunane. Og det kom nyleg ut ei bok om toppturar i Sunnfjord, der halve Sunnfjord mangla. Alt dette kunne lett vore ordna med å skrive "Indre" framfor Sunnfjord-namnet.

Når rimeleg oppegåande folk med gode geografikunnskaper greier å lage forvirring på denne måten, trur eg det blir langt verre når eit namn skal dekke to geografiske områder. Det same med Vestlandet på Vestlandet.

Men det står sjølvsagt att å sjå om avisene vil smette inn: ”(Sunnfjord kommune, red anm.)”, eller reporteren i lokalradioen vil avbryte med: "no meiner du kommunen Sunnfjord" der dette bør presiserast.

Eg tvilar på det, men det er jo lov å håpe -- .

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags