Trur tidlegare lovnader vert raskt gløymde når hovudfokuset vert Førde

STØVSUGAR: Det skal bli spennande å sjå framover kva støvsugarfunksjon storsenteret Førde vil få på kostnad av sørvisfunksjonar i dei tidlegare tre kommunesentera. Anar nok at tidlegare lovnader vert raskt gløymde når hovudfokuset vert Førde – og atter ein gong Førde, skriv artikkelforfattaren

STØVSUGAR: Det skal bli spennande å sjå framover kva støvsugarfunksjon storsenteret Førde vil få på kostnad av sørvisfunksjonar i dei tidlegare tre kommunesentera. Anar nok at tidlegare lovnader vert raskt gløymde når hovudfokuset vert Førde – og atter ein gong Førde, skriv artikkelforfattaren Foto:

Av
DEL

LesarbrevLigg her i sofaen og ladar opp til å verte nærmaste nabo til bykommunen Førde – nei beklagar – Sunnfjord er det visst den nye kommunen heiter.

Å bu i forstaden til ein bykommune må no vere bra stas, tenker eg. Å verte nabo til ein bykommune må no verte gromme greier.

Vekstsenteret Førde er visst noko av grunnlaget for at tre nærliggande mellomstore bygdekommunar vel å klamre seg til ein bykommune som startar budsjettåret med ein kutt i bruk av midlar som ingen kunne føresjå. Å verte med i det store gode selskap skulle verte inngangsbilletten for at grendene i nabokommunane skulle verte løfta med inn i framtida.

No vil vi nok sjå her som i dei fleste andre samanhengar at kjøtvekta peikar nok ut kvar vekst og utviklingssenteret skal ligge.

Det skal bli spennande å sjå framover kva støvsugarfunksjon storsenteret Førde vil få på kostnad av sørvisfunksjonar i dei tidlegare tre kommunesentera. Anar nok at tidlegare lovnader vert raskt gløymde når hovudfokuset vert Førde – og atter ein gong Førde. Maktsenter og lojalitet til politisk leiing vil nok forsterke denne effekten i åra som kjem.

Tidlegare nasjonale lovnader om premiering og gode lokkande fordelar er nok allereie gløymde. Utplassering av mange statlege arbeidsplassar var no ei bra skrøne! At desse fire kommunane kjem dårlegare ut økonomisk i lag enn kvar for seg var vel ikkje noko overrasking. Stordriftsfordelen skulle gjerne vege opp for ei meir effektiv drift og kutt frå staten på titals millionar kroner kunne no gjerne ikkje kome som noko stort sjokk.

Det blir spennande å følge med at Førde veks seg sterkare som eit regionsenter. Dette vert no ei gode for pendlarmiljøa rundt Førde. Å pendle frå Breim tek gjerne berre 50 minutt. Sandane ein time og ti minutt. Samtidig er nok underteikna litt betenkt med at dei tidlegare kommunesentera vert noko skuffa i iveren etter å tru at storkommunen skulle vere springbrettet for å løfte dei gamle kommunesentera. Det viser seg nok at den store magneten vert bysenteret.

Førde vert ein magnet som vi nærliggande sjølvstendige kommunane rundt, sjølvsagt skal dra all den nytte vi kan av. Det er viktig for å utvikle oss sjølve som sjølvstendige kommunar og for å vekse oss større inn i framtida.

Underteikna er rimeleg sikker på at både grendeskular og andre basistenester hadde vorte skore ned på i ein investeringskabal med Eid og framtidig kommunesenter på Nordfjordeid.

Er nok likevel mest spent på det generelle tilbodet som kvar og ein av oss har i det daglege frå nyfødd til omsorgsplass. Gloppen investerer historisk mykje innan helse/omsorg, skule, næringsareal, bustadfelt og etter kvart meir i barnehage. Nokre av oss meiner vi er gjerne i overkant investeringsivrige i den mellomstore kommunen vi trass alt er. Gloppen satsar tungt inn i framtida når vi investerer og aukar lånegjelda vår frå 410 millionar i 2016 til 720 millionar i 2023.

Underteikna er rimeleg sikker på at nivået på å satse i alle delar av Gloppen kommune hadde vorte på eit heilt anna nivå om vi skulle lagt den kabalen i lag med t.d. Eid. Vi måtte nok sjå langt etter å investere i ny skule til 40 mill. i Hyen, samt ruste opp badebasseng og gymsal. Sentraliseringsbølga hadde nok teke Gloppen med storm!

Det skal bli spennande å sjå korleis denne kabalen vert for landet i utkantane av Sunnfjord i åra som kjem. Håpar sjølvsagt på det beste.

Vi skal dra nytte av regionsenteret som veks og samtidig sjølve vekse fordi vi i Gloppen styrer i eige hus.
Store satsingar og investeringar vert utvikla lokalt i ein mellomstor kommune som Gloppen er og ikkje vert sugd inn i støvsugarposen som gjerne ligg i nabokummunesenteret Førde.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags