Trivselsfylket i Vestland, saman er vi sterke

Paula Kathrine Lesto

Paula Kathrine Lesto Foto:

Av
DEL

LesarbrevTrivselsfylket vert vel framleis trivselsfylket, men i lag med Hordaland, eller?

Det er mange, unge og gamle, som er skeptiske til samanslåinga med Hordaland. Sjølv om namnet Sogn og Fjordane vert erstatta med Vestland, er stadane og dei fine folka her endå. Engasjementet, dugnadsånda og stå-på-viljen vil ikkje forsvinne. Næringsliv, idrett, skule, festivalar osv. kjem til å dra nytte av kvarandre.

Framtidige Vestland

Framtidige Vestland Foto:

Sunnfjord i Vestland er ikkje fullt så sexy som Jølster i Sogn og Fjordane, men det går fint! No skal vi ikkje berre framsnakke heimstaden vår, men Bergen by, Hardangervidda, Sotra og vakre Hardangerfjorden.

Vi får endeleg Ikea og vi bur i same fylke som Lothepus:wink: Vi kjem framleis til å setje pris på staden vi kjem ifrå. Kanskje endå meir. Saman er vi sterkare!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags