Forbrukarrådets test og Sunnfjord kommune

NIVÅ: Leif Kapstad spør om det er slik at Jølster må kutte i tenestene sine for å komme på nivå med dei andre i nye Sunnfjord kommune.

NIVÅ: Leif Kapstad spør om det er slik at Jølster må kutte i tenestene sine for å komme på nivå med dei andre i nye Sunnfjord kommune. Foto:

Av
DEL

LesarbrevForbrukarrådet har testa kor gode kommunane er til å hjelpe folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester. Dei store kommunane kjem i gjennomsnitt betre ut enn dei små.

Resultatet finn de på nettet under: forbrukerrådet.no

Testen viser: På landsnivå er Førde nr. 31, Naustdal nr. 185, Jølster nr. 354 og Gaular nr. 394.

Under budsjettdebatten i Jølster vart det ved fleire høve sagt frå fleirtalet si side (Sp og Ap) at kommunen må ta ned tenestene slik at vi kjem ned på nivå med Førde og dei to andre kommunane som skal slåast saman til Sunnfjord kommune.

Når de gjeld denne problemstillinga som Forbrukarrådets sin test har undersøkt, er dette faktisk feil.

For innbyggjarane i Jølster hadde vore interessant om nokon frå Sp og Ap kunne legge på bordet den dokumentasjonen som dei bygger sin påstand på. Forbrukarrådet har berre testa deler av tenestene.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags