Gå til sidens hovedinnhold

Alltid fleire dører

Artikkelen er over 4 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det er alltid fleire dører.

Somme kan opnast,
andre må stengast,
enkelte bør spikrast igjen.

Som døra til SIS?
Som døra til HAFS?

Men dører som står på gløtt, lokkar.

Lèt spørsmålsteikna vri seg,
når nålauget kallar på kamelen.

For ingen gjer døra høg og porten vid.
For ingen lèt oss liggje i grøne enger.
For ingen kjenner dagen og timen.

Som i ein labyrint
fører nokre dører oss framover,
andre dører tek oss inn i bakevja,
inn i fortapinga.

Og det er alltid fleire dører:
døra mi, døra di, døra vår.

Som opnar seg mot heimlandet,
mot öppna landskap,
mot havs,
der Njord levde,
der Nordmannen levde,
der vi levde før Førde.

Der vi framleis skal leve.

For blå, blå vindar og vatn,
og blå, blå himlar og hav,
speglar ingen politisk himmel av.

Dei seier at ein gong skal alle dører opne seg.

Men på eit stort nøkkelknippe
finn ein ikkje rett nøkkelom ein ikkje vil –
og i ventetida kikar vi
inn nøkkelholet til naboen.

Kommentarer til denne saken