Kommunereform og tran – er det bra for deg?

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Nok ein gong er det valkamp, og ei av dei heitaste potetene denne gongen er kommunereforma. NHO har kome til at 77 kommunar er det vi treng. Sjølv kommunalminister Jan Tore Sanner meiner dette er i overkant, og trur dei må ha tatt for mykje Møllers Tran. Eg veit ikkje kva dei har tatt, men om tran har denne effekten på fornufta skal eg vere langt meir forsiktig med inntaket av tran i framtida. Saka har rulla ei tid og ei rekkje utgreiingar er på gong. Nokon er veldig ivrige, andre stritta veldig imot. Ein god del er skeptiske for det kan vere vanskeleg å sjå kvifor ein skal slå seg saman med andre når ein har det så godt aleine. Robust har vore eit mykje brukt ord utan at det eigentleg gjer saka noko klårare. Kanskje ein skulle stille seg spørsmålet; Kva er ein kommune? Eller rettare sagt, kva skal den vere godt for? Du synest kanskje det er eit rart spørsmål, men det er likevel relevant for det er tydelegvis ulike oppfatningar ute å går. I følgje NHO er det bu- og arbeidsmarknaden som dannar grunnlaget for ein kommune. Eg for min del meiner det andre ting som er viktigare. NHO har sett på pendlartal for å sjå kven som høyrer til i same arbeidsregion. På det grunnlaget har dei kome fram til at vår nye kommune bør bestå av Askvoll, Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Naustdal og Solund. Noko som utgjer om lag halve befolkninga i fylket. Sikkert ein våt draum for somme, men mange møter nok forslaget i beste fall med lett hovudristing. Mest truleg er det som å vifte med ein raud klut framfor ein okse. Men det er kanskje det som er meininga? Ikkje veit eg kva idear ein kan få av tranoverdosar. Eg for min del har nok aldri vore i nærleiken av det for eg må innrømme at tran er ikkje det beste eg veit.

Pendlartal kan for så vidt vere eit greitt utgangspunkt, men så er spørsmålet. Kor langt skal ein strekke strikken? Ser vi på pendlartala for til dømes Førde ser vi at 2% pendlar til Gaular og 1,7% til Flora. Vi ser og at det er 2,8% som pendlar til Bergen utan at NHO meiner at Førde skulle slå seg saman med Bergen av den grunn. Nei for det ville jo vere heilt urimeleg sjølvsagt. På ei anna side er det kortare frå Førde til Bergen, enn det er frå Svelgen til Hardbakke. Mellom Førde og Bremanger ser det ikkje ut til å vere nokon som pendlar. Det er mange som pendlar frå Bremanger til Flora. Her og er det ein del som pendlar til Bergen. Det pendlartala syner mest av alt er at kommunen du bur i slett ikkje treng å vere den same som du jobbar i.

Det ser ut til at NHO i sin iver etter å slå saman har gløymt at det også er historiske, kulturelle og ikkje minst geografiske omsyn å ta. Svært viktige omsyn ein ikkje skal ta lett på. Dei har også gløymt det viktigaste av alt, nemleg at kommunen først og fremst skal vere tenesteytar for innbyggarane. Sørgje for gode grunnleggande tenester; Barnehage, skule, aldersheim, kulturtilbod, helse- og sosialtenester. NHO ser primært på næringslivet sine interesser, som kommunen sjølvsagt også vere tenesteytar for. Kommunen skal gjennom lokal forvaltning legge til rette for at næringslivet skal kunne drive på best mogleg måte. Nøkkelordet her er lokal. Når dei største samanslåingsforslaga gjev ein kommune som er større enn Østfold fylke vil arealplanlegginga bli ei nærmast umenneskeleg oppgåve. Ei oppskrift på avfolking av dei minste grendene, og dei blir det mange av. Stadar som ein i dag kanskje ikkje ser på som ei lita grend blir i ein slik samanheng fort for små. Eg trur heller ikkje det vil gagne heile næringslivet. Skulle tru det er store forskjellar på kva som er viktig for bedrifter i Bremanger og Solund, i forhold til Førde og Høyanger til dømes. Lokal forvaltning er nødvendig for både folk og bedrifter. 100-meters-grensa er eit godt eksempel. Det som er nødvendig på øst- og sør-landet vert meiningslaust i Solund.

Sjølv om eg meiner at NHO tar feil i somme av sine vurderingar er eg meir samd i andre. Som at større kommunar vil kunne gje betre sakshandsaming og økt rettstryggleik. Er kommunane for små vil det og kunne bli vanskeleg å yte gode nok grunnleggande tenester, som til dømes barnevern. Talet på interkommunale samarbeid syner nettopp at dette er eit utfordring. Det vi må gjere, som så ofte ellers, er å finne den gyldne middelveg. For Førde sin del meiner eg og Førde Senterparti at det einaste reelle alternativet for samanslåing er dei fire kommunane i Indre Sunnfjord; Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Dette er kommunar som i dag har eit godt samarbeid, og vil fungere godt som ei eining. Eit alternativ som vil favne over eit meir passeleg geografisk område. Eit område som alt er bu- og arbeidsmarknad for veldig mange. Eit område der ein kan klare å sjå behova folk har der dei bur idag. Der vi ynskjer at dei skal kunne halde fram å bu. Eit område der ein kan klare å legge til rette for det alle partar i næringslivet treng. På ingen måte eit alternativ som vitnar om for lite tran og sånt. Ein skal ikkje sjå bort frå at det kan bli ein ganske så robust kommune. Det skulle ikkje forundre meg.

Rune Hegrenes

8. kandidat Førde Sp

Følg på: Facebook

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken