Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Min refleksjon er følgande: Dei 4 ordførarane starta samanslåingsprossessen med å bli samde om at den nye kommunen ikkje skulle heite Førde. Det er lett å førestille seg kven som kom opp med dette ultimatumet. Dei tenkte nok slik: Eg er imot denne samanslåinga, men viss eg kan forhindre at den nye kommunen, som uansett kjem, blir heitande Førde så har det så stor verdi i seg sjølv at eg kan vere med vidare.
Det er underleg at vår eigen ordførar kunne gå med på denne avtalen. Men han tenkte nok slik: Dette er eit prestisjeoppdrag eg har fått av regjeringa, eg må ha kommunane med, koste kva det koste vil! Altså Førde blei vraka før folket fekk seie sitt, eller skinnet blei selt før bjørnen var skoten. Ein skulle ikkje trenge mykje politisk teft for å sjå at denne «avtalen» måtte komme til å bli problematisk!
Så enda Tore Sanner altså opp med «Sunnfjord», eit namn som dei færraste i den nye kommunen vil ha og dei fleste i resten av Sunnfjord er sterkt imot, naturlegvis! Sunnfjord som kommunenamn har så svak forankring, kulturelt, historisk, geografisk og ikkje minst i befolkninga, at den nye kommunen i realiteten ikkje har fått eit særnamn, i beste fall berre eit dekknamn! Namnet er også splittande og øydeleggande for Sunnfjord som såleis, først og fremst fordi det er uttrykk for maktarroganse, mot folkeviljen, og fordi det med dette namnet også går troll i ord: Førde tar alt, no også namnet og identiteten vår! Eg forstår veldig godt at folket i Fjaler, Askvoll, Flora og Bremanger er forbanna og fortvila. For første gong er eg ille berørt på vegner av min eigen kommune.
At ordføraren i Førde, vald av folket i Førde, kunne vrake Førde-namnet – også etter at det viste seg at befolkninga i den nye kommunen ville ha Førde – og no juble for «Sunnfjord», ja det er nesten ikkje til å tru! Smak på denne: Ordføraren i Naustdal vil ha Førde, men ordføraren i Førde vil ikkje, og også denne, som ein parallell: Kvifor er det greitt og naturleg at den nye kommunen i Sogn heiter Sogndal og ikkje Sogn? Kva er det som er gale med oss Sunnfjordingar (no i betydinga Heile Sunnfjord)? Kvifor er vi så sjølvdestruktive?
Ordførarane i Jølster og Gaular jublar over å ha fått noko dei eigentleg ikkje bad om, nemleg namnet Sunnfjord! Ver ærlege, de jubla først og fremst fordi namnet ikkje blei Førde! Elles er det ein dårleg skikk, iallfall for våre fremste tillitsvalde, å juble over ei avgjerd som til dei grader sårar naboane våre, det er rett ut ufint!
Etter dette stiller eg igjen spørsmålet: Er denne samanslåinga ønskeleg og solid forankra? Det er naturlegvis slik her som elles i livet at ein må godt i lag skal ein få til noko bra. Eg føler at debatten om namnet er meir enn ein namnedebatt; det underliggande er naturlegvis politisk motstand, og det er sjølvsagt ei ærleg sak. Men no er samanslåinga behørig og demokratisk bestemt. Då må de som folkevalde ta det inn og gå for det. Grunnen til mi bekymring for den nye kommunen er at det, slik det hittil har utvikla seg, fort kan bli ei ørkesløs krangling om alt mogleg, med alliansar og skjulte agendaer med fokus på å sparke krok på alt som kan gagne andre og alt som luktar sentrum, og der eit «sterkt» mindretal stadig vekk må få viljen sin for å halde det gåande. Eit slikt «mindretalets diktatur» vil naturlegvis vere svært øydeleggande for utviklinga i kommunen vår.
Eg håper ikkje det er grunn for mi bekymring. God jul til folket i Naustdal, Jølster Gaular, Førde og resten av Sunnfjord