Som utflytt sunnfjording og naustedøl har eg på avstand følgt litt med i debatten om kommunesamanslåing i Sunnfjord. Eg har særleg merka meg to trekk ved debatten: Nesten ingen debatt eller visjonar i presse og sosiale medier om kva den nye kommunen skal skape av vekst og utvikling i regionen, eller kva ein faktisk vil med den nye storkommunen. Eg ser lite til entusiasmen og visjonane for framtida! Det som derimot blir diskutert så busta fyk, er kva den nye kommunen skal heite. Nå er for så vidt ikkje desse to sidene av saka heilt uavhengige av kvarandre, og er har blitt freista til å kommentere det siste.

Namnealternativa er velkjende: Sunnfjord ville ha vore eit framifrå og naturleg namn dersom kommunen hadde dekka heile Sunnfjord. Eg er samd med dei som meiner at Indre Sunnfjord er eit svært dårleg namn på den nye kommunen. Det er eit tungvint, to-delt namn som ikkje kjem til feste seg i bruk, og som få (om nokon) vil identifisere seg med. Her sluttar eg meg til PR-ekspert Trond Blindheim som nyleg uttala seg til ”Firda” om at ”Indre Sunnfjord” er svært dårleg eigna for å marknadsføre den nye kommunen.

Vinden ser kanskje ut til å blåse i retning av å kalle kommunen Førde, dvs. ta namn etter den sentrale kommunen og det nye kommunesenteret. Det er gode argument for dette: Det er eit kjent namn (sjølv om det ikkje knyter seg berre positive assosiasjonar til namnet). Det er kort og konsist. Ei ulempe som få har nemnt, er at det inneheld bokstaven ”ø”, som gjer at kommunen på internett og i all elektronisk kommunikasjon vil framstå som ”Forde”. Det er likevel ikkje grunnen til at eg synest innbyggarane bør tenke seg om to gonger før dei bestemmer seg for å kalle heile den nye kommunen Førde.

Og her er det ein samanheng mellom kva visjon ein har for den nye kommunen og val av namn. Vel ein å kalle kommunen Førde, signaliserer ein at ein nå har etablert ”Stor-Førde”. Dersom det er eit ”Stor-Førde” ein ønskjer å utvikle, er Førde eit framifrå namn. Og dersom ein gjer som PR-ekspert Blindheim tilrår, og spør kva fok utfor fylket meiner, vil dei heilt sikkert oppfatte det nettopp slik: Den nye kommunen er eit utvida Førde. Dersom ein derimot vil fjølge opp visjonen i samarbeidsavtalen, og utvikle ein kommune til beste for alle dei fire samanslegne kommunane og heile regionen, bør ein gjere som da Florø og kommunane rundt i si blei slegne saman: Halde fast på Førde som namn på byen og kommunesenteret, og finne eit anna godt og dekkande namn for heile kommunen.

Og i tilfellet Førde har ein eit enda betre alternativ, nemleg namnet Firda. Det er eit kort og presist namn med historisk sus over seg. Namnet betyr kort og godt fjord, og er kjent tilbake til vikingtid og middelalder som namn på ”fjordfylket”, dvs det som i dag er Nordfjord og Sunnfjord. Det er blitt innvendt at dette namnet historisk dekker vidare enn dei fire kommunane (nett som Sunnfjord). Men i motsetnad til Sunnfjord, er ikkje Firda i dag i bruk som namn på noko geografisk område. Ingen ”kjem i dag frå” Firda. Namnet er med andre ord ledig som kommunenamn. Det er derimot knytt til ei lang rekke institusjonar i Fjordane. Det gjeld mellom anna avisa ”Firda” som har tatt mål av seg til å bli avisa for heile fylket. Den nye kommunen har nettopp proklamert ein liknande visjon, som å bli den sentrale kommunen for heile fylket. Da treng kommunen eit namn som kan signalisere dette. Her er ein ny Firda kommune godt eigna nettopp fordi den kan marknadsførast som noko nytt, som nok meir og større enn det gamle og dei einskilde kommunane kvar for seg. Ein ny Førde kommune signaliserer at Førde ”har lagt under seg” dei tre nabokommunane, og det signaliserer ikkje nokon ny visjon for regionen.