Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kortslutning. Ja, eg er så samd med Gunnhild Berge Stang i Fjaler om at det i namnesaka om den framtidige samanslegne kommunen i indre del av Sunnfjord må ha skjedd ei kortslutning hjå Sanner og hans øyrekviskarar. Det kan vere ennå verre, kanskje var det ikkje noko å kortslutte - kanskjed var tomt der. Kor undermåls må ein vere for å få plass ved kongens bord ? Det må då gå an å erkjenne at "Sunnfjord" er eit namn som alt er i bruk, det er oppteke.
Vi kan lure litt på kor mykje karane Sanner og Grotle har snakka saman dei siste dagane. Grotle virka ikkje så overraska over namnet. Han seier at det venteleg vil bli ei utblåsing no, og så vil det roe seg ned.
Det er truleg ein rett spådom, men det vil ikkje roe seg ned fordi namnet vert akseptert.
Debatten vil truleg roe seg ned i fordi vi vert sett sjakk matt av nok eit dumt vedtak frå arrogente personar både lokalt og sentralt.
Det skal slett ikkje undre meg om det kjem eit vedtak på tilsvarande intelligensnivå om namnet på det framtidige fylket.