Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det blir frå sentralt hald oppmoda om kommunesamanslåingar. Ein initiativrik ordførar kjem med planutkast med eit førebels namn. Det blir gjort vedtak om samanslåing mellom fire kommunar. Men det er usemje om namnet.
Nabokommunar protesterer på det førebelse namnet i planutkastet då det blir opplevd som ei annektering av eit vidfemnande fellesnamn. Dei får støtte av landets fremste sakkunnige.
Dei fire kommunane tek omsyn til dette og samlar seg då om to andre namn, som dei innbyrdes slit med å bli samde om. Nokså uventa og underleg definerer dei seg så makteslause og handlingslamma at dei må sende problemet frå seg. Ein høgare instans med mindre lokalkunnskap, men større avgjerdsevne, får oversendt dei to alternativa.
Sentralmakta avgjer så at namnet ikkje skal vere noko av dei to førelagde, men det opphavlege namnet frå planutkastet, som alt var lagt til sides av dei fire kommunane.
Avgjerda til høgrestatsråden vart altså det same som det den initiativtakande høgreordføraren først gjekk inn for, og som den andre høgreordføraren også gjerne ville ha hatt. Om det ikkje hadde vore for alle desse innvendingane frå språkfolk og naboar då.
Den formelle saksgangen verkar grei, om enn uvanleg. Men avgjerda er ikkje i samsvar med premissane vi er blitt presenterte for. Ho let etter seg eit inntrykk av kommunikasjon gjennom andre kanalar enn dei formelle. Og at prosessen frå og med diskusjonen om å sende namnesaka oppover, blei eit strategisk spel for å få eit resultat som ville vere politisk problematisk om det hadde blitt fatta lokalt.