Det er veldig synd at vi ikkje kunne samlast om eit namn for den nye kommunen. Somme vil ha det til at det er pinleg. Det vil eg på ingen måte sei at det er.

Det er heller ikkje slik det var opp til ordførarane å komme til einigheit, slik det og vert hevda. Det er heller ikkje slik at det frå politisk ståstad har vorte brukt mykje tid og krefter på å krangle. Om noko så har det kanskje vorte brukt for lite tid.

Problemet oppstod når namnet i intensjonsavtala synte seg ikkje vere eit alternativ vi kunne gå for. Det burde ein kanskje tenkt på før den vart skriven, men - etterpåklok er det lett å vere. I intensjonsavtala står det kva namn ein ville ha. Det står ingen ting om kva namn den nye kommunen ikkje skal ha.

Språkrådet vart spurt til råds og dei svarte: Ein burde ikkje nytte Sunnfjord fordi det er namnet på ein større region. Sett i lys av den nye regionen Vestlandet vert dette noko underleg, men uansett. Språkrådet kom med ulike råd, som til dømes å nytte eit av dei eksisterande namna eller velje eit nytt. Men ein burde ikkje konstruere eit nytt namn "ut av det blå". Det vart sett ned ein namnekomite beståande av dei fire ordførarane, som skulle komme med ei innstilling. Av det eg har fått forståing for var det to namn det stod mellom: Førde og Indre Sunnfjord. Som vi veit gjekk dei for Indre Sunnfjord. Etterpå var det opp til kvart enkelt kommunestyre å komme med sine vedtak. For det er no ein gong slik at vi framleis er 4 kommunar. Fire partar som saman skal bli til ein. To av kommunane meiner at Indre Sunnfjord er det beste alternativet, to meiner Førde. Dermed ikkje fleirtal for eit av alternativa. I slike høve vert det opp til departementet å avgjere. Ikkje gunstig sjølvsagt, men det ville heller ikkje ein "evigvarande" debatt på noverande tidspunkt heller vere gitt situasjon vi har kome i.

Det bør og leggast til at i alle andre spørsmål er vi einige. Som til dømes tall medlemmar i det nye kommunestyret, størrelsen på og samansetninga av fellesnemnda. For vidare i prosessen er det fellesnemnda som vil handsame sakene om samanslåing.

Eg er heilt sikker på at vi saman vil få til ein god ny kommune. Så lenge vi har fokus på det vi skal få til kjem dette til å gå veldig bra. Som kjent kan små tuer velte store lass. Dette er ikkje ei slik tue. Det er heller ikkje nødvendig å gjere små tuer større enn dei er.