Det er så mykje kjas og mas om regiongrenser, og om namn på dei nye regionane som oppstår. Det same gjeld for kommunane. - Kva høveleg namn skal den nye babyen med fire hovud få som skal sjå dagslys frå 1. januar 2020?

Her er eit uhøgtideleg framlegg: Fjong.

Forklaring: F for Førde, J for Jølster, O for og (ingen av samarbeidskommunane har ein vokal som fyrstebokstav, og ein vokal må vi ha). N står sjølvsagt for Naustdal og G for Gaular.

Og så er det vel ikkje så verst å vere fjong (og fin)?