I «Romeo og Julie» lar Shakespeare Julie seie at «namnet rose luktar ikkje». Det er blomen som duftar, ikkje namnet. Dersom slekta hennar hadde blitt kjent med Romeo som menneske, hadde dei gløymt at han bar eit forhatt namn.

Det er mogeleg barden frå Stratford hadde uttrykt seg på anna vis om han hadde lagt handlinga til Sunnfjord, heller enn Verona. Men det er ikkje sikkert, for også her hos oss luktar namna.

Kva er problemet?

Det er blitt ei utfordring å komme fram til namn på den nye kommunen. Kva skal Førde-Jølster-Gaular-Naustdal heite? Vi trudde det skulle bli «Sunnfjord». Når det ikkje var så endeframt, enda ein med «Indre Sunnfjord». Det duftar ikkje spesielt tiltrekkjande. Difor har nokre lansert «Førde», men då tykkjer andre at eimen av sentralisering blir for sterk. Som alternativ er «Firda kommune» lansert på nytt.

Problemet er likevel ikkje alternative namn, men korleis ein skal komme fram til eit eintydig uttrykk for ynskje om namn. Det er Regjeringa som har siste ordet i saka. Gjennom ein kgl.res. blir namnet bestemt, og det er sagt at ein skal leggje stor vekt på kva kommunane meiner. Det er ikkje slik at namnet «Sunnfjord» er utelukka. Språkrådet har åtvara, men det ikkje rådet som avgjer. Det er opp til andre å ta omsyn til rådet - eller ikkje.

Så er det også slik at det ikkje er «folket» som skal meine noko om namnet, men «kommunane». Altså kommunestyra. I Førde ynskjer ein å gjennomføre ei innbyggjarhøyring, før kommunestyret endeleg meiner noko.

Likevel ender vi opp med ei utfordring: Det er fire kommunestyre som skal meine noko, og kva om desse har ulike meiningar til slutt: kva gjer ein då? Korleis vil ein vege ei innbyggjarhøyring i Førde opp mot kommunestyra i Naustdal, Jølster og Gaular?

Det er i denne situasjonen ein må tenkje nytt om prosedyren ein skal nytte for å komme fram til eitt samla uttrykk for meininga om namnet.

Mitt innspel er at ein ikkje skal leggje endeleg vekt på høyringar. Utgangspunktet for ei god løysing er at ein respekterer kommunestyrerepresentantane som legitime, demokratisk valde representantar frå sine kommunar, og at dei gjennom sine eigne nettverk er kjende med dei diskusjonar, meiningar og styrken på meiningane som finnst.

I tradisjonell, kommunalpolitisk verksemd har kvar representant ei stemme. Og ein stemmer seg fram til bindande vedtak gjennom bestemte framgangsmåtar som i utgangspunktet er forankra i kommunelovgjevinga.

Det likevel altså ikkje kommunane, men regjeringa som tek den endelege avgjerda. Difor er ikkje dei fire kommunane bundne til vanlege framgangsmåtar. Det er her ein kan bruke det som innanfor statsvitskapen blir kalla «Bordas metode».

Bordas metode

Bordas metode er ein variant av preferansevalgordninga, eit posisjoneringsvalgsystem eller eit radval. Den franske matematikaren Jean-Charles de Borda foreslo opphaveleg dette systemet for valg ved det franske vitenskapsakademiet i 1770. I dag blir det ofte brukt i samband med tevlingar, men også i politiske valsystem.

Kort og godt betyr systemet at dei som skal stemme, ikkje har berre ei stemme, men like mange som det er alternativ å stemme over. Så må dei fordele stemmene etter si eiga overtyding.

Systemet kan brukast av dei fire kommunane i namnesaka slik:

1. La namnekomiteen lage ei ikkje-prioritert liste over alle namneforslaga som vert, og har vore drøfta, (Sunnfjord, Indre Sunnfjord, Fossheimen, Førde, Firda….).

2. Kall inn alle kommunestyremedlemene i dei fire kommunane til eitt, endeleg møte

3. Avstemming etter Bordas metode:

a. Kvart medlem har like mange stemmer som det er alternativ

b. Ein fordele stemmene etter preferanse

c. All stemmegjeving skjer samstundes - ingen opning for taktisk stemming

d. Ingen kommunevis stemmegjeving - alle er like i salen

e. Opptelling samstundes – gjerne muntleg opplesing frå den einskilde

4. Ingen nye avstemmingar – her må ein bestemme seg på førehand om at ein vil respektere utfallet.

Konkret døme: Dersom eg var medlem av eitt av kommunestyra, kunne eg fordelt mine fem stemmer slik: Sunnfjord 2, Firda 2, Indre Sunnfjord 0, Førde 1. Det er berre å summere opp, så har ein noko eg trur både vil vere eit nokså presist uttrykk for folkemeininga og ein ryddig måte å handtere ein uryddig situasjon.

Elles kan vi ende med eit utfall der fire kommunestyre stemmer seg fram til eit namneframlegg ingen eigentleg likar lukta av. Slikt kan det blir teater av, i åra som kjem. Men eg ser helst at vi slepp det.